Anders Aarebrot

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Aarebrot
Foto: Norske skolefolk (1952)

Anders Aarebrot (fødd 10. mai 1895 i Tysnes kommune, død?) var lærar.

Han var son av lærar Anders Henriksen Aarebrot og Herborg. Aarebrot tok eksamen ved Stord lærarskule 1917, Statens teiknekurs (tre månader) 1921, Voss millomskule 1921 og tyskartium i Skien 1925.

Anders Aarebrot var lærar ved Høyvåg og Vestre Moland framhaldsskule 1917-19, Voss framhaldsskule 1919-24, Vestmar Folkehøgskule i Drangedal 1924-30 før han i 1930 vart tilsett ved Vågård skole, Ådal i dåverande Norderhov kommune.

Han gifte seg i 1923 med handarbeidslærerinna Margit Elise f. Skram, dotter av lærar Joh. Fr. Skram og Karen f. Bodahl. I 1934 hadde ekteparet Aarebrot ein son og ei dotter. Sonen Arnulv Aarebrot (1925-95) vart òg lærar.

Kjelder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket

Eksterne lenker