Anders Hovden

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Portrett av Anders Hovden i Hoffkyrkja i Østre Toten.

Anders Hovden (fødd 13. april 1860 i Ørsta, død 26. november 1943 i Aker) var prest, forfattar og salmediktar. Tre vegar er oppattkalla etter han, i Stavanger, Melhus og Trondheim.

Familie

Han vaks opp i Ørsta på Sunnmøre som son av gardbrukar og fiskar Karl Ingebrigt Rasmussen Hovden (1815–77) og Johanne Andersdotter f. Velle (1818–98).

Hovden var gift to gonger. I 1891 gifte han seg i Ålesund med Lina Marie Devold (1865–1895), men ho døydde berre fire år seinare. I 1897 gifte han seg opp att, i Drammen, med Kari Huglen (1879–1963).

Prest

Hovden var prest i nesten 40 år. I 1891 vart han utnemnd til kallskapellan i Vanse og Farsund, og i 1898 vart Hovden stiftskapellan i Kristiania stift, dinest residerande kapellan i Krødsherad 1902–09, så sokneprest i Melhus 1910–19. Til slutt var han sokneprest på Østre Toten frå 1919 til han i 1930 nådde pensjonsalderen.

Sjå også

Bibliografi

Litteratur og kjelder