Andreas Sakshaug

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Sakshaug på eldre dagar. Fotografi frå artikkelen «Skulle leite gull i California - havnet i Rio de Janeiro, Brasil» av Svein Kvistad, sjå litteraturlista.

Andreas Sakshaug (fødd 7. januar 1831, død 1926) eller Andreas Aalberg var gardbrukar. Han var ein av dei 106 som drog ut 1850 frå Trondhjem for å grava gull i California, og var i fylgje Oddvar Grønli den siste av desse gullgravarane som døydde.

Oppvekst i Innherad

Andreas vart fødd på Helge i Egge, og var son av Marta Kristoferdtr. (1790-1876) og Anders Olsen Helge (1787-1870). Far hans kjøpte Ålberg i Sparbu i 1837, og Andreas vaks opp her.

Brasil

I 1850 var utvandringa frå Norge til Amerika godt i gang sønnafjells, men ho hadde nesten ikkje råka Trøndelag. Men dette året vart ein ekspedisjon av Trondhjem utrusta for å grava gull i California, der det var funni gull to år tidlegare. Ein av dei var Andreas Aalberg, og han drog ut med skuta «Sophie» i slutten av oktober 1850, saman med 105 andre håpefulle gullgravarar, alle menn, og dei fleste av dei trøndarar.

På nyåret i 1851 kom «Sophie» til Rio de Janeiro, som på den tida var hovudstaden i Brasil. Skipet vart sagt å vera i dårleg stand, og kondemnert, og dei 106 nordmennene sto derfor utan høve til å komma seg vidare. Da kom eit tilbod frå eit koloniseringsselskap av Hamburg om å bli kolonistar lenger sør i landet, eit tilbod 74 av de 106 nordmennene slo til på. Da dei kom til den nye kolonien som med tida skulle bli byen Joinville, valte 13 av dei å reise heim med den norske skuta «Colon», som hadde brakt tyske og sveitsiske kolonistar dit. 61 nordmenn valte å bli, og vart skrivne inn i den lokale lista over innvandrarar.

Andreas Aalberg var blant dei som godtok tilbodet, og han er nedskriven som «Andreas Aalborg» i lista over kolonistar i Dona Francisca, seinare Joinville. Som dei fleste av dei vart han ikkje verande særleg lenge, han var her i om lag to og eit halvt år, og kom så heim til Trøndelag på eit tysk skip i 1853.

Gardbrukar på Inderøy

Han gifta seg i 1856 med Tale Olsdatter Sakshaug (-1868), og vart slik gardbrukar på Søre Sakshaug, òg kalla Smestu-Sakshaug, på Inderøy. Tale og Andreas Sakshaug fekk sju barn:

  1. Ola Aalberg, budde i Sparbu.
  2. Birgitta, gift med fanejunker Anton Sende.
  3. Paul Sakshaug, født 14. juli 1860, død 14. november 1937. Gift med Anna Lorentine Smiseth (1875-1957), Mosvik. Han vart neste brukar av garden i 1901, og etterkomarane hans sit her framleis.
  4. Sigrid, gift med Elling Trana.
  5. Anne, gift Aurstad, budde i Eidskog.
  6. Elise, gift i Amerika.
  7. Torgeir, til småbruket Granheim.

Sakshaug dreiv garden fram til 1901, da han overlèt drifta til sonen Paul. Han fekk ein lang alderdom: I 1921 fylte han nitti år, og Nordenfjeldsk Tidende fortalte om han at «alderen har ikkje bite hardare paa den gamle sterke karen enn at han enno fylgjer godt med i dei spørsmaal som høyrer dagen og tida til. Helse og humør er det bra mykje igjen av.»

Sakshaug døydde våren 1926. Inntrøndelagen fortalte om han nokre år seinare at

Andreas Sakshaug var ein gløgg og omtenksam mann med eit kvikt og fritt sinnelag. Var ein fin og dana bondemann. Han hadde ikkje havt nokon annan skulegong enn omgangsskulen som den var den tid han vaks opp. Men han hadde hug på lesnad heile tida. Lesehugen hadde han frå mor si. Ho hadde gått berre 3 dagar på skule heile si tid. Men ho las mykje og var som bondekone etter den tid ikkje så lite upplyst.

Litteratur