Aslaug Johanna Henden

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Aslaug Johanna Henden f. Valaker (født 29. april 1915 i Utvik i Nordfjord, død 26. juni 2015 på Nordfjordeid) var husmor og bondekone, busett i Nordfjordeid.

Som ungdom gjekk ho på Fana folkehøgskule. I 1932 vart ho trulova med Anton Jakobson Henden (1910–2000), og i 1934 gifta deg seg, og ho vart gardkone i Hennebygda i Nordfjord. Aslaug Johanne Henden var med og starta Hendens bondekvinnelag, der ho òg vart den fyrste formannen.

På sine eldre dagar bur ho på Eid sjukeheim, der ho i 2015 feira 100-årsdagen sin saman med den næraste familien. Livet skulle ikkje vare så mykje lenger - den 26. juni 2015 sovna ho inn på Eid sjukeheim med sine næraste rundt seg. I dødsannonsa er det nemnd ikkje berre oldeborn, men óg tippoldeborn. Gravferda var i Eid kyrkje.

Kilder og litteratur


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.