Asper-diplomet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Asper-diplomet. Foto: Riksarkivet

Asper-diplomet er ei vanleg nemning på det eldste dokumentet i Riksarkivet som er skrive på norsk (gamalnorsk), og også det eldste norske kongebrevet som er bevart i original. Brevet er udatert, men er utferda av kong Fillippus Simonsson, som regjerte på Austlandet i tidsrommet 1207–1217. Adressatane er innbyggjarane i Mossedal (Hobøl). Asper er ein gard i Kråkstad, nabobygda til Hobøl. Det er ein tvist om rettar til denne garden som har utløyst kongebrevet. Enda så kort og knapt som det er, gjev Asper-diplomet opplysande glimt inn i heilt sentrale tema i norsk mellomalderhistorie.

Asper-diplomet i transkribert i Diplomatarium Norvegicum bd. 1.

Teksten

I omsetjing til moderne bokmål lyder teksten:[1]

Kong Philippus sender alle morsdøler som vil være lydige mot oss, Guds og sin hilsen. Når det gjelder den eiendom og utmark som kong Inge gav Hovedøy til miskunn for seg av den gården i Follo som heter Asper, da er det sagt oss at dere har gått på med strid og begjærlighet og gjort krav på den eiendommen med urette, og således gjort den unyttig for munkene på Hovedøy. Nå har de vunnet eiendommen ved rettergang, slik som Simon lagmann har tolket loven om dette. Hvis nå noen mann er så djerv at han gjør dem eller deres leilendinger noe skadeverk, på gjerder eller grinder eller på noe som har ligget til [gården] fra gammelt eller nylig, da skal han tape ikke mindre enn liv og lemmer hvis vi kan få tak i ham. Lev vel.

I storleik og utforming gjer ikkje dokumentet noko særleg av seg, 14 x 5,5 cm med åtte linjer skrivne med penn og blekk på pergament. Kongeseglet som har vore hefta ved pergamentet, er borte. Men bodskapen i brevet er alvorleg nok, med eit kongeleg trugsmål om lemlesting og død om bygdefolket ikkje føyer seg.

Kva dreia saka seg om?

Kong Inge (anten Inge Haraldsson Krokrygg, regjeringstid 1136–1161, eller Inge Magnusson baglarkonge som regjerte 1196–1202) hadde gjeve «eigedom og utmark» i Asper til klosteret på Hovedøya i Oslo. Brukaren eller brukarane på Asper var dermed blitt leiglendingar under klosteret (medan dei altså tidlegare måtte svare leigeavgiftene til kongen). Ordlyden «av gården som heter…» («or bø theim er Aspar heita») tyder på at overdraginga berre galdt ein del av garden.

Det er ikkje klokkeklart kva usemja dreia seg om. Det kan ha vore ein eller fleire Mossedal-bønder som har hevda eigedomsretten til gardparten, slik at det vart ein heimelstvist jordeigarar imellom (klosteret og mossedølane). Men så skal vi leggje særskilt merke til uttrykket «uttvægh» som er nytta både i sjølve diplomteksten og i overskrifta som er påført på baksida av brevet: «…um utveghenn a Auspum». Utveg er her eit ord for utmark. Tvisten kan altså ha gjeldt retten til å utnytte skog og mark til beite, fôrsanking, ved, bygningstømmer osv. Kanskje har munkane late leiglendingane sine på Asper gjerde inn eit utmarksareal som bønder i Mossedal til da hadde utnytta i sameige eller i ålmenning? Åtvaringa om at det skal gå mossedølane ille om dei til dømes gjer skade på gjerde og grinder styrkar denne gissinga. I så fall blir tvisten ein konflikt mellom privat eigedomsrett og kollektiv bruksrett. Partane er i så fall på den eine sida munkane og leiglendingane deira på Asper, og på den andre sida bønder i Mossedal.

Tvisten har vore lagt fram for lagmannen, som var ein kongeleg oppnemnd lovkunnig. Før det kom så langt, kan saka ha vore oppe på bygdetinget, eller kanskje berre for ei tvistenemnd. Rettsavgjerda som lagmannen kom fram til, gjekk mossedølane imot. Men dei hadde openbert ikkje vilja gje seg med dette. Så kjem kongen inn i biletet med trugsmål om drastiske straffereaksjonar om dei ikkje føyer seg.

Mellomaldersamfunnet avspegla

Via Asper-diplomet blir vi for det fyrste presentert for leiglendingsvesenet, som i løpet av tidleg– og høgmellomalder blir det dominerande jordeigedomssystemet i landet, og som verkar bestemmande inn på mange andre særtrekk i tida. Dei jordeigarane vi møter i diplomet, er fyrst kongen, så klosteret på Hovedøya, som var grunnlagt eit halvt århundre før Asper-diplomet. Konge og kyrkje vart dei største godseigarane i Noreg i denne tidbolken.

At eit kloster i Oslo åtte ein gard i Kråkstad, og sjølve eksistensen av eit godseigande kloster, er teikn på at kyrkja har nådd langt i makt og organisasjon. Jordegåva frå kongen er eit døme på ei viktig kjelde til kyrkja si godsopphoping. Kloster og bykyrkjer fekk gjerne sitt økonomiske fundament lagt ved kongelege donasjonar. Kong Inge sin motivasjon for overdraginga blir vi også i forbifarten orienterte om. Han gjev gardparten i Asper til klosteret «til miskunn for seg». Ved fromme gåver håpar han å finne nåde for Gud. Slike sjelegåver i form av gardar eller gardpartar vart gjevne i tusenvis av kongar, stormenn og bønder gjennom høg- og seinmellomalderen.

Bak opplysninga om lovutgreiinga frå lagmannen anar vi eit rettsvesen som i nokon mon er skilt frå og heva over bygdesamfunnet. Kongen stadfestar at lagmannens «orskurd» gjeld som dom. Tidlegare var lagmannen berre sakkunnig hjelp for dei utvalde bøndene som skulle felle sjølve domen.

Referansar

  1. Omsett av professor Einar Lundeby, jf. Hobølboka 1 s. 123.

Kjelder og litteratur