Atrå folkeboksamling

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Kvåle i lokalene Biblioteket leigde av Atrå Samfunnshus frå 1961 til 1998
Foto: Ukjend fotograf/Rjukan bibliotek 1970

I 1952 vart det inngått samarbeidavtale mellom folkeboksamlingane i Tinn. Rjukan bibliotek var det naturlege valet som hovudbibliotek, medan biblioteka i bygdene fekk status som filialar. Dei fyrste “almue”biblioteka i Tinn vart oppretta på Mæl i 1854 og Atrå året etter. Det var presten Sigholt som ivra for dette.

I Atrå var det skulelærar og ordførar Ole Knudsen som styrde utlånet på Lisland den fyrste tida. Da Sognehuset vart flutt frå Nørstegard til Dugningshaugen i fyrste halvdel av 1880-talet vart det etterkvart sett opp eit bokskåp der. Eige rom med opne hyller kom på plass i 2. etasje av Sognehuset da nye Marum Ullern skule stod ferdig i 1926. Halvor N. Gjøystdal var styrar i lang tid – han slutta i 1938. Nils Kvåle overtok etter Gjøystdal - med ei lengre pause på 1950-talet var han styrar til 1978. Biblioteket vart flutt til Atrå Samfunnshus da det stod ferdig i 1960. Det husa biblioteket til 1998 da ein ny fløy vart bygd på Atrå Ungdomsskule mot vest, og Atrå filial vart med det tilgjengeleg for elevane på dagtid.