Aust-Agder Husflidslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Aust-Agder Husflidslag blei stifta i 1925 og er tilslutta Norges Husflidslag. Organisasjonen har omlag 600 medlemmer fordelt på 9 lokallag. Fylkeslaget har 2 husflidshandverkarar og ein husfliden-butikk.

Laget blir starta

I 1889 blei Arendals Husflidsforeining stifter etter initiativ frå selskapet Norsk Husflids Venner. Eit viktig mål var å starte og drive ein husflidsskule i Arendal. Eit rekke husflidskular blei etablert i Aust-Agder i tida rundt hundreårsskifte, dei fleste hadde kort leve tid. 1920-åra var ein god tid for den frilynde ungdomsrørsla i Aust-Agder og Aust-Agder Ungdomslag tok slå eit slag for husflid. Dei kontakta våren 1924 ingeniør Halvor Hektoen i Aust-Agder Kraftverk, som dei meinte hadde førestand til å starte arbeidet med å etablere et husflidslag for heile fylke. Aust-Agder Ungdomslaget tok saman med Aust-Agder Landbruksselskap infinitiv til å stifte Aust-Agder Husflidslag. 28. mai 1925 avhaldas konstituerande møte med Hektoen fom forman, det fyrste åre var namnet Aust-Agder husflidsnemnd. Laget begynte sin aktivitet med å arrangerte en rekke kurs i heile fylke.

Får starten var Aust-Agder Husflidslag eit lag utan andre medlemer enn dei som hadde starta laget. Laget hadde inga faste lagspengar eller andre faste inntekter, laget fekk noko økonomisk støtte frå Aust-Agder Landbruksselskap og Halvor Hektoen la ut av eigne midlar. Styre skjøna at dei måtte få medlemmer for å få større inntekter. I 1929 sendet styre ut brev til 47 landbruks- og småbruksforeiningar, der dei blei oppmoda om å melde seg inn i laget. I 1931 var tre ungdomslag, eit mållag og seks landbrukslag medlem, årspengane var på kroner 0,25 per medlem.

Frå starten hadde Aust-Agder Husflidslag inga lokale medlemslag. Arendals Husflidsforeining fekk statstilskotet, i 1931 meldte husflidsforeininga seg inn i fylkeshusfildslaget og deretter gjekk statstilskotet til Aust-Agder Husflidslag. I åra 1935 og 1936 blei ein rekke lokallag starta, dei fleste av dessa laga forvant før starten av andre verdens krig.

Frå stiftinga hadde styre berre har menn som medlemmer, i 1932 blei Dorothea Fløistad og Aasta Vormeli valde i styre. Det året blei også fastsett at laget skulle melde seg inn i Norges Husflidslag.

Medlemslag i Aust-Agder Husflidslag:

Tidlegare lag tilslutta Aust-Agder Husflidslag:

  • Arendals Husflidsforeining ca 1897 – 1938
  • Gjøvdal Husflidslag 1935 – 38
  • Kongshavn Husflidslag 1935 – 38
  • Risør og omeng Husflidsforening 1935 – 38
  • Stokken Husflidslag 1935 – 38
  • Vegårshei Husflidslag 1935 – 39
  • Valle Husflidslag/Setesdal Husflidsdentral 1935 – 38
  • Hyllestad Husflidslag 1955 – 59
  • Søndeled Husflidslag 1979 utmeldt 1991
  • Tvedestrand husflidslag 1993 -?

Kjelde