Axel Herman Byström
Axel Herman Byström (1858–1933), mest kjent som A.H. Byström, var ein offiser og kartograf frå Blekinge. I Noreg har han først og fremst spela ei rolle som medforfattar av Nyt norsk skole-atlas (Beyer, ca. 1900) saman med overlærar Jakob Norby frå Bergen.
Axel Herman Byström vart fødd den 25. mai 1858 i Karlskrona i Blekinge län som son av överstelöjtnant og musikar Johan Tomas Byström (1810–1870). I 1879 vart han underløytnant i Värmlands fältjägarkår, og i 1902 vart han kaptein ved Vaxholms grenadjärregiment. Han vart major ved Generalstaben i 1904, öfverstelöjtnant (obberstløytnant) der i 1908 og öfverste (oberst) i arméen i 1914. I perioden 1884–1903 var han kartredaktør ved Generalstabens litografiska anstalt, og i perioden 1904–1915 var han befälhafvare ved Generalstabens topografiska fältarbeten. I tillegg til å utgje mange skulekart og to länskart (Värmland, Norrbotten), er han kjent for å ha vore dr. Sven Hedin sin medarbeidar ved redigeringa og utgjevinga av dei kartografiske arbeida frå oppdagingsreisene hans i tida 1894–1908.
Verk
Bøker og artiklar
- 1899 - Våra kartor : en rådgifvare vid köp af kartor öfver Sverige eller delar deraf. Stockholm : Generalstabens litografiska anstalt, 1899.
- 1913 - Vorbereitende Arbeiten in Schweden und darauf gegründete Anträge. (Beschlüsse des internationalen Weltkartenkomitees in London 1909.) Stockholm, 1913.
- 1922 - Hypsometrical maps in 52 sheets : with special use of dr. Hedin's panoramas constructed and drawn by H. Byström. (Southern Tibet : discoveries in former times compared with my own researches in 1906-1908; [11]). Stockholm : Generalstabens litografiska anstalt, 1922.
Som medforfattar
- ca 1900 - Bystrøm, A.H. og Jakob Norby: Nyt norsk skole-atlas. Bergen : Beyer, [ca. 1900]
Kart
- 1897 - «Karta öfver Vermlands län». 4 bl. [Stockholm] : Generalstabens litografiska anstalt, 1897.[1]
- 1904 - «Karta öfver Norrbottens län». 4 bl. [Stockholm : Generalstabens litografiska anstalt], 1904.
Fotnotar
Kjelder
- «Byström, O. F. B.» i Nordisk familjebok, «Uggleupplagan». 1922.