Bakka (Tinn gnr 56)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hei på deg! Denne siden heter Bakka (Tinn gnr 56)

Bakka
Alt. namn: Backejord (1665)
Stad: Gausetbygde
Sokn: Atrå
Kommune: Tinn
Fylke: Telemark
Gnr.: 56

Bakka er ein matrikkelgard i Gauset i Tinn kommune. I 1665 finn ein namnet «Backejord», og denne forma vart nytta heilt inn på 1800-talet og tyder på at garden vart utskild frå ein eldre gard, kan hende frå det gamle Gauteset. Garden er i dag delt i fleire bruk, og Sud Bakka, bruksnummer 1, er det gamle hovudbølet.

Første gongen vi høyrar om garden er i eit arveskifte frå 1602, der det vert sagt at ein Wettelef Gauteset i 1500 gifta seg med ei Aslaug som eigde eit markebol i Bakkejord. Ætta som tok over garden i 1678 vart sidan sittande på han, sjå brukarlista nedafor.

I matrikkelforarbeidet 1723 er det oppgjeve slåttestaular, ei kvenn, fødsle for ein hest, ni storfe og tolv småfe.

Eigarar/brukarar

  • Aslaug (Gauteset), nemnd 1602 som gift med Wettelef Gauteset i 1500, eigde eit markebol.
  • Oluf Endresson frå Numedal, pantsette 1611 to markebol i Bakka.
  • Gullbrand Mårheim, eigde mesteparten av garden omkring midten av 1600-talet.
  • Oluf, eigde ein part omkring midten av 1600-talet.
  • Gunnulv Torsteinsson Tveito, kjøpte garden frå Gullbrand Mårheim sine arvingar i 1678.
  • Gjermund Knutsson Sunde (d. 1688), makeskifta til seg Bakka (2 tunner skyld) mot Fekjan i Numedal, truleg i 1678.
Gift med Torbjørg Larsdotter. Gift andre gong etter 1688 med Torkjell Persson frå Numedal. Born ein kjenner:
  • Åse Gjermundsdotter (omkr. 1650–1720), gift med Jon Persson. Han hadde dottera Sigrid frå tidlegare ekteskap.
  • Simon Gjermundsson (d. omkr. 1752), til Stuvetrå. Gift med Sigrid Jonsdotter, dotter åt mannen til systera hans frå hans første ekteskap.
  • Sigurd Gjermundsson, gift med enka Sigrid Augonsdotter Stuvetrå.
  • Åse Gjermundsdotter (omkr. 1650–1720), fekk garden på odel med mannen sin 1688.
Gift med Jon Persson (omkr. 1643–1724). Born ein kjenner:
  • Sigrid Jonsdotter (d. 1716) (dotter av Jon frå hans første ekteskap). Gift med Simon Geirmundsson Stuvetrå, bror av stemora.
  • Ragnhild Jonsdotter, gift med Lars Halvorsson Rue.
  • Ola Jonsson, gift med enka Gyry Jonsdotter Flåten, sjå Flåten.
  • Simon Gjermundsson (d. omkr. 1752), kjøpte garden frå verfaren Jon Persson 1719.
Gift 1) med Sigrid Jonsdotter (d. 1716).
Gift 2) med Birgit Bjørnsdotter Asland.
Born ein kjenner (ikkje spesifisert frå kva ekteskap):
  • Torbjørg Simonsdotter, gift med Herbjørn Taraldsson Bjørtuft, sjå Bjørtuft.
  • Ingebrit Simonsdotter.
  • Gjermund Simonsson (omkr. 1717–1761), neste brukar.
  • Lars Simonsson.
  • Jorån Simosdotter, gift med Tov Jonsson Geisklid, sjå Tverrberg.
  • Sigrid Simonsdotter (f. 1726), gift med Ola Olsson Kolbeinsrud, sjå Kolbeinsrud.
Gjermund Simonsson (omkr. 1717–1761), fekk garden ved skifte etter faren 1752.
Gift med Ågot Høljesdotter Sjøtveit, enke etter Sondre Espeland, sjå Espeland. Gift 3) med Nils Gunbjørnsson. Born av Ågot og Gjermund som ein kjenner:
  • Birgit Gjermundsdotter (f. 1749), gift med Gunnulf Olsson. Born ein kjenner:
  • Simon Gjermundsson (f. 1751).
  • Sondre Gjermundsson (1751–1811), seinare brukar.
  • Hølje Gjermundsson (f. 1756), sjå Nørstegard.
  • Ola Gjermundsson (f. 1758), gift med Lisbet Knutsdotter Åsbergan, sjå Åsbergan.
  • Ågot Høljesdotter Sjøtveit, enke etter Gjermund Simonsson, gift 3) med Nils Gunbjørnsson. Hadde garden frå 1761 til 1777.
  • Sondre Gjermundsson (1754–1811), fekk skøyte 1777 då broren Simon var sjukeleg og ikkje kunna ta over garden.
Gift med Margit Øysteinsdotter Svalestogo, sjå Svalestogo. Born ein kjenner:
  • Birgit Sondresdotter (f. 1781), gift med Knut Olsson Haslerud.
  • Kari Sondresdotter (f. 1785), gift med Eirik Gautesson Midtbøen, sjå Midtbøen.
  • Gjermund Sondresson (f. 1787), gift med Anne Olsdotter Asland, sjå Asland.
  • Øystein Sondresson (f. 1790), gift 1815 med Åse Olsdotter Åsen, sjå Åsen.
  • Ågot Sondresdotter (f. 1792), gift med Knut Olsson Åsen, sjå Åsen.
  • Margit Sondresdotter (f. 1795), gift 1814 med Knut Herbjørnsson Moe, sjå Moe.
  • Hølje Sondresson (f. 1796), gift med Aslaug Knutsdotter Lofthus. Til Amerika med kone og seks born 1843 (sjå Nørstegard.
  • Birgit Sondresdotter (f. 1802), gift med Nils Knutsson Mårheimsrud, sjå Mårheimsrud.
  • Margit Øysteinsdotter Svalestogo, i uskifta bu 1811–1813, satt på garden til han vart delt i 1816.
  • Gjermund Sondresson (f. 1787), skøyte på halve garden 1816.
  • Øystein Sondresson (f. 1790), skøyte på halve garden 1816.

For brukarar etter dette, sjå Sud Bakka og Nord Bakka.

Kjelder


Koordinater: 60.03883495° N 8.74041281° Ø