Balestrand krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sagatun skule.
Foto: Marius Berge (2020).

Balestrand krins var ein skulekrins i Balestrand kommune i Sogn. I åra 1891-1892 var Balestrand skule ei tredelt skule. I 1893 vart skulen firdelt og var det i alle fall fram til 1900.

Skulehus

Balestrand krins hadde skulestove på Sande i åra 1891-1900. Klasserommet hadde plass til 28 barn. Skulehuset hadde «aftrædelsesværelse». I tillegg høyrde det til familiebustad for læraren og jordveg. I møteboka for tilsynsutvalet i krinsen for 1890-1962 oppgis det at skulejorda på Sande i si tid skal ha vorte kjøpt frå ein Kaptein Jakob Ulledall(?) for 160kr. Grunnsteinen til huset var lagt ned 3. juli 1882.

Småskulen var i eit leigd lokale på Fjærestad med plass til 20 barn.

Skulehuset på Sagatun vart bygd i 1905 og står enno, men er ombygd. Dei fleste dekorasjonane på utsida er fjerna. Huset hadde 2 rom nede, eit stort rom oppe og sløydrom i kjelleren. Innsida er ombygd og brukast i dag som arbeidssenter. Frå 1962 gjekk også borna frå Esefjorden krins på Sagatun.[1]

Skuledagen

Ein gjekk på skulen annankvar dag, også på laurdagar. Skulen begynte 9 og var som regel ferdig i 2-tida. 1. klasse gjekk aleine, mens resten gjekk saman. Dei dreiv ikkje med fysisk avstraffing på Sagatun, og det var heller ingen som blei sendt på gangen. Mulla Kvikne fortel at ho kunne gå heim å spise middag i lunsjtida. Det var ingen ekstraundervisning for dei vanskelegstilte. Songtimane var dei minst populære.

I 1891 vart det votert over korleis avstraffing skulle føregå i krinsen. Lærerane fekk moglegheit til å straffe elevane for foreseelser i skuletida, men det vart stemt mot fysisk avstraffing.[2]

Skulevegen

Skulen ligg sentralt i Balestrand og for dei som budde der, var det kort veg. Det var også mange som hadde lengre skuleveg, spesielt dei som budde i Tuftedalen.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Oppedal Torstein Sagatun
Ese Johan Sagatun

Foto

Fotnotar

  1. Urtegaard, Gunnar. Bering, Bjørn. Kleppa, Hermund (1989) Soga om grunnskulen 1739-1989. Balestrand kommune.
  2. Møtebok for tilsynsutvalet i Balestrand krins, 1890-1962

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.20921° N 6.53492° Ø