Bandakslihekti

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bandakslihekti (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011

Frå Bandaksli vart varene i eldre tid kløvja på hesteryggen heilt ned til Fyresdal. Frå om lag 1845 tok ein til å køyre varer denne vegen. Det var ein skral veg frå Bandaksli til Fyresdal, men den vart stadig utbetra.

Ridevegen opp lia frå Bandaksli var bratt og tung å ferdast på med kløv. Om vegen etter kvart vart utbetra så var det sers slitsamt for hestane å dra tunge kjerrer opp lange bakkar, ofte måtte ein dele lasset på to turar. Vegen kunne gjerast lettare med å ta lange svingar, men det var heller ikkje alle stader det let seg gjere. Ein kunne utlikne stigninga litt ved å leggje vegen i ein spiral, då med bru over køyrebanen under. Det var oftast militære som planla vegane og i Bandakslikleivane planla premierløytnant Berg ei slik løysing alt i 1852. Det som vart til Bandakslihekti vart opna for trafikk om lag 1860.

Med tiltakande biltrafikk vart det etter kvart nødvendig å legge vegen utanom dette anlegget som så i 1992 vart restaurera av det lokale grendelaget.



Kjelde

  • Taraldlien, Bendik. Fyresdal Med bilæte Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Gardåsen, Tor Kjetil. Lokalhistorisk reise på Telemarkskanalen. Fortidsminneforeningen 1. juli 2011.