Barselfeber

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Barselfeber (latin febris puerperalis), òg omtala som puerperal feber, er ein bakteriell infeksjonssjukdom som opptrer i samband med fødsel eller abort. Barselfeber var den hyppigste dødsårsak for fødende helt fram i 1930-åra i Norge[1].

I dag er det ein svært sjeldan sjukdom i vår del av verda, men på verdsbasis meiner WHO at opp mot 50 000 kvinner døyr av barselfeber, dei fleste etter illegale abortinngrep. Dei som overlevar sjukdomen kan få samanvokste eggleiarar, noko som fører til sterilitet. I de fleste høve kan barselfeber enkelt nedkjempast med antibiotika.

Historie

Barselfeber er kjend så langt attende kjeldene tar oss, og var ein av dei framste dødsårsakane for unge kvinner. Ofte kunne sjukdommen opptre epidemisk, særleg på sjukehus og fødeheimar. Det var først i 1847 at den ungarske lekjaren Ignaz Philipp Semmelweiss kunne påvise at det var snakk om smitte utanfrå. Han viste at ein kan forebygge barselfeber ved å vaske hender og instrument i ei klorkalkløysing. Dette møtte stor motstand, og det er ei utbreidd oppfatning at noko av problemet var at om dei aksepterte Semmelweiss sin forklåring, måtte lekjarar og jordmødre ta inn over seg at det var dei som hadde smitta kvinnene. Først då Lister framsette sine teorier om antiseptikk fekk Semmelweiss sine idear fullt gjennomslag.

I Norge var særleg Hjalmar Heiberg (1837–1897) sentral i forsking på bakterielære. Han opplevde sjølv å miste kona Jeanette Sophie Augusta Heiberg i barselfeber.

I kjeldene

I kyrkjebøker der ein finn dødsårsak, finn ein ofte sjukdomen skriven som «barselfeber», «barselsfeber», «febris puerperalis» eller «puerperal feber». Eit stort antal av dei som står med «i barsel» eller liknande, særleg der dødsfallet kjem nokre dagar etter fødselen, døydde av barselfeber. Om dødsfallet er samstundes med fødselen eller særs kort tid etter, er det grunn til å tru at det er andre årsaker, til dømes blodstyrtning.

Artiklar på Lokalhistoriewiki

Referanser

  1. Blom 1988, side 73 ff.

Litteratur og kjelder

  • Barselfeber i Store medisinske leksikon.
  • Blom, Ida 1988. "Den haarde dyst" : fødsler og fødselshjelp gjennom 150 år. Cappelen.

Eksterne lenkjer

I Digitalarkivet finn ein i dei transkriberte kyrkjebøkene mange døme på barselfeber som dødsårak. Her er nokre søk; resultatet vil endrast etter kvart som fleire kjelder kjem inn i arkivet: