Bergtun (Fedje gnr 172 bnr 103)
Bergtun er ein eigedom i Fedje kommune.
| Bergtun | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 172 |
| Bnr: | 103 |
1. Gudmund Karlsen Bergtun f. 1914 Husa (husmenn 4g) d. 1993, fiskar, g. 1940 m. Agnes Marie Palmersen f. 1916 Radøy d. 2003. Skøyte på jord frådelt gnr 172 bnr 37 i 1941, samt halvdelen av våningshuset til gnr 172 bnr 37. Dei budde der til 1955, då dei flytta til Kvalheim, Radøy (sjå Radøyb. II s 95). Dei tok Bergtun til familienamn etter bruksnamnet.
Born: a. Anne Margrete Bergtun f. 1942 g. 1971 m. Svenn Owen Andersen f. 1945 Rørvik i Vikna d. 1991, budde der. Ekteskapet oppløyst. Hans seinare bustad Tromsø og hennar Arnatveit i Bergen. b. Mindur Kjell Bergtun f. 1944, overtok bruket på Kvalheim.
2. Andreas Kjeilen f. 1927 Nygård (gnr 172 bnr 100-1f) d. 2001 fekk skøyte i 1960 på jorda. Halve våningshuset var i 1955 skøytt tilbake til gnr 172 bnr 37, sjå nr 2 der.
3. Oddmund Husa f. 1939 Nygård (gnr 172 bnr 37-2b), fekk skøyte her i 1986. Sonen Arve Husa f. 1967, bustad Nygård (gnr 172 bnr 200) er eigar frå 2009. Det står eit uthus her.
| Bergtun (Fedje gnr 172 bnr 103) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Lyngtun (Fedje gnr 172 bnr 100) • Neste bolk: Sørli (Fedje gnr 172 bnr 106) |