Borghild Astrid Nilsen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Borghild Astrid Nilsen (fødd 12. desember 1914, død 6. april 2016) var reinhaldar, busett i Eidfjord i Hardanger.
Ho vaks opp i Hyen i Nordfjord, i en syskenflokk på ni. Nilsen arbeidde i 25 år som reinhaldar ved tollavdelinga på jernbanen i Bergen. Når ho ikkje var på arbeid, sat ho ofte og broderte. Til saman vart det om lag 100 bergensbunader og dukar.
Som 101-åring budde ho på Bygdaheimen i Erfjord. I høve fødselsdagen i 2015 vart ho omtala av Aftenposten, som mellom anna skreiv at «Jubilanten (sic!) er glad i å lese og følger godt med i tiden. En av hennes største gleder er sport.»
Nilsen døydde 6. april 2016 og vart bisett frå Eidfjord kyrkje. Ho etterlet seg born, borneborn og oldeborn.
Kjelder og litteratur
- Aftenposten, 12. desember 2015: omtale på 101-årsdagen.
- Hardanger Folkeblad, 13. april 2016: dødsannonse. Digital versjon på Nettbiblioteket.
På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene. Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten. |