Brøløsvegen (Seljord)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Brøløsvegen i Seljord kommune går nordaustover frå Nordbygdivegen i krysset med Nyveg og gjennom sentrum til Vallarvegen (E134) der han kryssar Vallaråi på Vallar bru. Han er 1 647 meter lang.
Vegen har namn etter Brøløs, bygdas opphavelege sentrum.
Fram til 20. oktober 1993 var Brøløsvegen ein del av riksveg 11. Da vart vegstrekninga frå Bjørge til Li i Nordbygdi opna, og riksvegen vart lagt utanom sentrum. Den tidlegare traseen med Brøløsvegen og Nordbygdivegen vart nedgradert til lokalveg. Riksveg 11 fekk europavegstatus og vart E134 i 2000.
Eigedomar
Nr. | Bilde | Om eigedomen |
---|---|---|
18 | Gnr. 44/2, «Utbøen», Seljord Hotel. I 1860-åra fekk Olav Hoff frå Kongsberg løyve til å drive landhandel på Utbøn i Seljord. Det var han som også bygde Seljord Hotel på same staden. Hotellet hadde fleire drivarar i åra framover. Under den siste krigen, var det ei svært vanskeleg tid for hotellet. I 1942 overtok Nasjonal Samlings hjelpeorganisasjon huset. Tyskerane nytta hotellet til avhør av personar dei hadde mistanke til i samband med flyulykka på Skorve i 1943, under etterrøykingane av hendingane på Hardangervidda og arrestasjonane av heimefrontmedlemer i april 1945. Etter krigen overtok Telemark Fylke og seinare Seljord kommune hotellet. Det var i den tida at Seljord Husmorskule nytta hotellbygget. (Frå Soga til Seljord Hotell på hotellets web-side, skrive av Jørund Telnes.) | |
27 | Gnr. 43/47, «Helle». Forretningsbygg. | |
28 | Gnr. 45/31, «Solhaug». Kontor-/forretningsbygg. | |
30 | Gnr. 45/21, «Brauti». | |
34 | Gnr. 45/49, «Solvang». | |
38 | Gnr. 45/45, «Bringset». Bustadhus med forretningslokale. | |
43 | Gnr. 46/3, «Lomodden». | |
46 | Gnr. 45/67, «Nestun». Bustadhus med forretningslokale. | |
61 | Gnr. 45/18, «Mørkholt nedre». | |
68 | Gnr. 45/35, «Rukan». | |
77 | Gnr. 1/41, «Skarnes». | |
86 | Gnr. 1/84, Seljord kyrkje. Langkyrkje i romansk stil sett opp i andre halvdel av 1100-talet. |
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Varden 20. oktober 1993.