Bruknapp (Fedje gnr 171 bnr 2)
Bruknapp | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 171 |
Bnr: | 2 |
Adresse: | Træsnesvegen 7 |
Bruknapp er ein fritidseigedom i Fedje kommune.
1. Arvid Tresnes f. 1937 (gnr 171 bnr 1-4e) d. 1993, platearb., g. 1962 m. Kari Olsen f. 1940 Kristiansund (sjå Steinborg gnr 168 bnr 29-3a), busette Bergen. Skøyte 1978 på det eldste huset i Træsneset, frådelt gnr 171 bnr 1 same året. Det vert brukt som fritidsbustad.
Born: a. Bjørn Tresnes f. 1962, bustad Bergen. b. Eilin Tresnes f. 1974, neste eigar (2).
2. Eilin Tresnes f. 1974 Bergen (jf 1b), spesialsjukepleiar, g. 1996 m. Åge Rognsvåg f. 1965 (gnr 167 bnr 9-1b), ingeniør, bustad Bergen. Skøyte i 2021. Samstundes skøyte på tomt bnr 3 med naustet, frådelt gnr 171 bnr 1 i 1994.
Born, alle bustad Bergen: a. Mia Ovidia Tresnes Rognsvåg f. 1998. b. Elida Tresnes Rognsvåg f. 2004. c. Sirill Tresnes Rognsvåg f. 2006. d. Vårin Tresnes Rognsvåg f. 2007.
Bruknapp (Fedje gnr 171 bnr 2) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Mulevegen 78 (Fedje gnr 169 bnr 158) • Neste bolk: Solhaug (Fedje gnr 172 bnr 18) |