Bø kommune (Telemark)
Bø kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 0821 |
Fylke | Telemark |
Kommunesenter | Bø |
Grunnlagt | 1838 |
Opphørte | 2020 |
No del av | Midt-Telemark kommune |
Bø kommune var fram til 1. januar 2020 ein kommune i Telemark, som hadde namn etter tettstaden Bø med administrasjonssenteret. Kommunen grensa mot Notodden i nord, Sauherad i aust, Nome i sør samt Kviteseid og Seljord i vest.
Bø kommune var ein del av regionen Midt-Telemark som også omfatta Nome og Sauherad. Dei tre kommunene var med i regionrådet Midt-Telemarkrådet.
Bø var frå fyrst av ein landbrukskommune, men i seinare tid har også handel og tjenesteyting vore viktige næringar. Høgskolen i Telemark - studiested Bø, med omkring 1600 studentar, har prega lokalsamfunnet sterkt. Kommunevåpenet hadde tre feler i gull på raud bakgrunn og viser den sterke folkemusikktradisjonen i Bø.
Mot slutten av 1800-tallet hørte Bø til Nedre Telemarkens fogderi i Bratsberg amt.
I samband med Kommunereformen 2014–2018 inngjekk Bø kommune ein intensjonsavtale med Sauherad om samanslåing, og samanslåinga vart vedteke av kommunestyret i Bø 16. juni 2016. Den nye kommunen trådte i kraft 1. januar 2020, og Bø vart ført vidare som administrasjonsstad. Det nye namnet, Midt-Telemark kommune, vart avgjort etter ein namnekonkurranse som innbyggjarane deltok i. Ved samanslåinga hadde den nye kommunen rundt 10 000 innbyggjarar og var den 113. største målt i innbyggjartal.