Didrik Grønvold
Hopp til navigering
Hopp til søk
Didrik Hegermann Grønvold (fødd 1855 i Bergen, død 1928 i Vang på Hedmarken) var forfattar og skulemann. Han var gift med Anna Marie Thorlacius frå Island.
Han vart cand.philol. i 1881 og var lærar på fleire høgre skular, i åra 1901–26 på Hamar. Han skreiv fleire skodespel.
Grønvold var ei drivkraft i arbeidet med å skipa museet på Hamar.
Kjelder
- Dahl, Herleiv: artikkel i Norsk allkunnebok band V. Oslo 1954.
|