Gerhardine Helene Fredrikke Paasche
Gerhardine Helene Fredrikke Paasche (Dina Krog) (fødd 7. september 1851 i Fana, død 30. oktober 1922 i Sarpsborg) var den fyrste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Luster og i Sogn og Fjordane.
Oppvekst
Ho voks opp på prestegarden i Fana som dotter av stortingsrepresentant og sokneprest Hans Jensen Krog (1808-1897) i Fana og Ingeborg Christine Endresen (1813-1853). Mora døydde då ho var 2 år, og ho hadde seks eldre sysken.
Lækjarfrue
Den 29. november 1887 gifte ho seg i Luster med enkjemannen og lækjaren Einar Paasche (1849-1931). Einar Paasche var utnemnd til distriktslækjar i Luster i desember 1886 og flytte inn på garden Nygård i Dale der den førre distriktslækjaren òg hadde budd. Her budde Einar og Dina fram til 1906 då dei flytte frå Luster. Einar vart i 1906 utnemnd til distriktslækjar i Sarpsborg, og her vart dei buande så lenge Dina levde.
Fyrste kvinne i kommunestyret
I 1901 vart Dina Krog vald inn i kommunestyret i Luster på ei upolitisk liste. Ho var den einaste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Sogn og Fjordane i 1901. Ho var tremenning med kvinnesaksdronninga Gina Krog, men det er uvisst om dette var ein grunn til at ho engasjerte seg politisk. Deira felles oldeforeldre var presten Truls Christian Krog (1722-1806) og Helen Sophie f. Meyer (1735-1809).
Underskriftsaksjonen 1905
Kvinneunderskriftsaksjonen til støtte for unionsoppløysinga i 1905 vart i Luster leia av Dina Krog. På underskriftslistene står det at dei skulle leverast til henne. Det vart i Luster samla inn heile 524 kvinneunderskrifter. Dette tilsvarar ca 90 % av dei 589 røystene til mennene frå Luster som var med i folkerøystinga om unionsoppløysinga 12.-13. august. På landsplan utgjorde kvinneunderskriftene drygt 80 % av dei avgjevne mannsrøystene. Det var såleis gjort ein ekstra effektiv jobb i spreiddbygde Luster.
Familie
Einar fekk fire born i det fyrste ekteskapet. To av dei døydde som spedborn. Dei to andre, Andreas og Sigrid, var 9 og 7 år då Dina og Einar gifte seg. Dei fekk to born i lag:
- Olea Paasche (fødd 1888, død i ung alder)
- Hans Krog Paasche (1890-1931), utvandra til Amerika i 1915 og var ei tid gruvearbeidar og laksefiskar i Alaska
Kjelder og litteratur
- Gerhardine H. F. Krog i folketeljinga 1865 for Fana prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Gerhardine Helene Fredrikke Paasche ft Krag i folketeljinga 1900 for Luster herred frå Digitalarkivet.
- Gerhardine Helene Fredrikke Paasche f Krog i folketeljinga 1910 for Sarpsborg kjøpstad frå Digitalarkivet.
- Gerhardine Helene Fredrikke Paasche i Historisk befolkningsregister.
- Underskriftsaksjonen i 1905 (listene frå Luster) (Stortinget)
- Lampe, Johan Fredrik. (1895). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 1). Kristiania: Cammermeyer, s. 287. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Øyane, Lars E. (1986). Dale 1 sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 2). Gaupne: Luster kommune, s. 611.
Gerhardine Helene Fredrikke Paasche er del av prosjektet De 100 første kvinner i kommunestyrene som er kommet i stand i forbindelse med Stemmerettsjubileet 1913-2013. Artiklene i denne serien er tilgjengelig i denne oversikten. |