Ergan kystfort
Ergan kystfort på Bud vart bygd av tyske soldatar under krigen i 1940-45. Kystfortet var ein del av den såkalla Festung Norwegen, eit ledd i det tyske forsvar av Norge under krigen. I dag er Ergan kystfort omgjort til eit museum som viser kor livet var på fortet under den tyske okkupasjonen.
Ergan kystfort vart nedlagt etter krigen og utan vedlikehald forfalt det. Mot slutten av 1980-åra vart det bestemt å byrje eit restaureringsarbeid. Nær femten år seinare vart Ergan Kystfort offisielt åpna 6. mai 1995.
I 1533 vart det halde riksmøte i Bud. Erkebiskop Olav Engelbrektsson leda møtet som fann stad der Ergan kystfort ligg i dag.
Kulturminneløypa
Ergan Kystfort er eit av stoppa på kulturminneløypa gjennom Bud. Kulturminneløypa inngår som del av Kulturminneåret 2009.
|