Europrofil

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Europrofil i Sykkylven er ein produsent av spesialprofilar til bygningbransjen. Bedrifta vart skipa under namnet Norsk Profilforming i november 1970. Initiativtakarar var Arne Wullum, Rolf Melseth og Carl J.F. Holm. Arne Wullum stod som hovudaksjonær med 51% av aksjane. Føremålet med selskapet var, i fylgje skipingsprotokollen, produksjon av spesialprofilar, takrenner og spesialmaskiner.

Bedriftsskiparane fekk kjøpe ei tomt av Jens L. Aure, og der førte dei opp ein produksjonshall på 1000 m2 og eit kontorbygg på 120 m2. Det vart kjøpt inn profilvalseanlegg frå Tyskland og knekke- og stanseutstyr.

Produksjonen av tynnplateprofilar og dørkarmar kom til å bli bedrifta sin spesialitet. Profilane vart nytta som rammekonstruksjonar i lette skiljevegger. Bedrifta fekk tidleg eit samarbeid med ein norsk gipsplateprodusent som leverte veggplatene. I 1970-åra fekk Norsk Profilforming leveransar til store bygg som Postgirobygget i Oslo og Regionsjukehuset på Lillehammer.

Det kom tidleg til gnissingar mellom dei tre opphavlege aksjonærane. I 1970 gjekk både Rolf Melseth og Carl Holm ut av aksjelaget. Inn som ny aksjonær kom Privatbanken i Ålesund. Banken hadde eit selskap, A/S Fama, som i 1973 tok over heile aksjekapitalen i Norsk Profilforming. Banken arbeidde aktivt for å få sykkylvsbedrifta inn i normalt forretningsmessig gjenge. I 1974 hadde strevet lukkast. Då kom Asbjørn Vik, Oddvar Rieve Kristiansen og Sverre Høeg Krohn inn som medeigarar. Banken avvikla frå 1975/76 eigarengasjementet sitt i Norsk Profilforming.

Asbjørn Vik var disponent for verksemda fram til han døydde i 1977. Det var i leiartida hans at satsinga på bygningsprofilar gav resultat.

I 1977 tok Håkon Horn over som disponent. Han sat i denne stillinga til 1980, då Nils Fredrik Drabløs tok hand om leiarfunksjonen.

I 1979 kjøpte Møre Transformatorfabrikk A/S alle aksjane i Norsk Profilforming. I 1980 investerte verksemda i ein ny valse som laga C- og Z-profilar med tjukkare stål enn det hadde vore mogleg å bearbeide tidlegare. Året etter vart det sett i gang produksjon av slissa profilar. Då kunne Norsk Profilforming utvide produksjonen til å gjelde fasadekonstruksjonar. C- og Z-profilane vart nytta som takprofilar, sperrer, åsar og golvbjelkar. Med andre ord kunne Norsk Profilforming frå då av levere alle dei berande og konstruktive komponentane i store bygg.

Mange byggherrar oppdaga dei fordelane tynnplateprofilane hadde. Dei kombinerte styrke med lett vekt, dei var nærpå vedlikehaldsfrie, brannsikre og gav god lydisolasjon. Av desse grunnane fekk Norsk Profilforming tingingar på byggkomponentar frå fleire sjukehus og hotell i landet. Bedrifta har og vore leverandør til Noregs Bank sitt bygg i Oslo, til Aker Brygge og kjøpesenteret Oslo City.

For å få betre kontroll med den svenske marknaden etablerte verksemda i 1983 ei dotterbedrift i Sverige, Europrofil AB. Europrofil AB laga berre innerveggsprofilar. I 1985 vart svenske Flex Interiør AB kjøpt frå det store Yxhult-konsernet. Flex Interiør AB laga systemveggar. Dei to svenske avdelingane vart selde i 1989.

Etter nokre opplevde Norsk Profilforming å bli kjøpt opp av den svenske avleggaren, og namnet på bedrifta vart endra til Europrofil AS. Seinare har det skjedd vidare oppkjøp slik at Europrofil i 2014 var eigd av det danske industrikonsernet IB Andresen Industri AS. Europrofil er pr. 2014 Noregs største leverandør av tynnplateprofilar til byggebransjen.

Sidan januar 1984 har Norsk Profilforming/Europrofil halde til i eige bygg på Aursneset. Fabrikkbygget har ein produksjonshall på 3800 m2 og ei kontorfløy på 500 m2.

Talet på tilsette auka frå 9 i 1980 til 25 i 1990 og 32 i 2012. Etter ei intern omorganisering i konsernet vart bemanninga i Sykkylven redusert til 20 i 2013.

Kjelder