Fagerlund ungdomslag
Fagerlund ungdomslag på Jaren i Gran kommune på Hadeland er eit lokallag av Noregs Ungdomslag. Laget vart stifta 11. november 1894 som første ungdomslag på Hadeland, og er eitt av dei mange frilynte ungdomslaga som vart skipa på slutten av 1800-talet. Første styreformann for laget var lærer Jens Hæreid. I 1898 ble Anders Prestkvern leder. På Facebook-sida si skriv laget at det «ønskjer å drive med folkelege kulturaktivitetar i lokalsamfunnet».
Ungdomslaget eig forsamlingshuset Folkvang, som ligg like ved tidlegare Fagerlund skole. Huset opna 17. mai 1901, etter stor dugnadsinnsats frå innbyggjarane i grendene Mjønvald og Moen. Før laget fikk eige forsamlingshus, vart møte og festar haldne på Fagerlund skole. Ungdomslaget har dei siste åra brukt mykje tid på å restaurere Folkvang og fekk i 2020 Kulturminnefondets plakett for godt bevaringsarbeid.
Kilder og litteratur
- Facebook: Fagerlund ungdomslag og Folkvangs venner.
- Fortidsminneforeningen: «Istandsetting av ungdomshus på Jaren, Gran.»
- Kulturminnefondet: «Nasjonal utmerkelse til ungdomshuset Folkvang».
- Opplandsarkivet avd. Randsfjordmuseet, OAHF/00083 Fagerlund Ungdomslag (privatarkiv)
- Foto av Folkvang og Fagerlund ungdomslag på digitalmuseum.no
|