Falske Margrete

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Falske Margrete (født omkr. 1260, død 1301 i Bergen) var ei kvinne som utgav seg for å vere Margrete Eiriksdotter av Skottland (1283–1290), og som vart avretta for svindelforsøk.

Margrete Eiriksdotter var i 1286 næraste arving til den skotske trona då morfaren Alexander III døydde. Faren hennar, Eirik II Magnusson, inngjekk ein avtale med Edvard I av England for å sikre kravet, og sommaren 1290 vart ho trulova med kronprins Edvard av England, seinare Edvard II. På veg til Skottland hausten 1290 døydde Margrete, sju år gamal, på Orknøyane. Liket vart sendt attende til Bergen, der Eirik undersøkte ho nøye og identifiserte ho. Margrete vart gravlagd i KristkyrkjaHolmen.

I 1299 døydde Eirik Magnusson, og broren Håkon V Magnusson vart teken til konge. Året etter kom ei kvinne frå Lübeck til Bergen og hevda at ho var Margrete. Ho skulda fleire personar for forræderi, og fortalde at ho hadde vorte sendt frå Orknøyane til Tyskland. Der hadde ho gifta seg, og ho hadde teke med seg mannen sin til Bergen.

Fleire borgarar og nokre geistlege støtta påstandane. Men ho hadde ein svak sak. For det første var det godt dokumentert og kjend at Eirik Magnusson hadde identifisert dottera, og for det andre var kvinna langt eldre enn Margrete hadde vore om ho hadde levd. I 1300 ville ho ha vore sytten år gamal, medan kvinna frå Lübeck var kring førti. Ho sa faktisk sjølv at ho var rundt førti, så ho visste truleg ikkje at Margrete Eiriksdotter berre var sju år då ho døydde. Myndigheitene kom fram til at det var eit svindelforsøk, og sidan det var eit forsøk på å tilrane seg trona, vart straffa hard. Falske Margrete vart brent på Nordnes, medan mannen hennar vart halshogd.

Støtta ho hadde fått gav seg ikkje med avrettinga. Tvert om vart historia spredd gjennom ein ballade, og folk byrja valfarte til rettarstaden. Kring 1370 reiste allmugen ei kyrkje på Nordnespynten, kalla Margaretakyrkja. Denne kyrkja vart stående fram til nær reformasjonen, og fekk gåver frå folk så seint som i 1515. Det var ein del bergensarar som støtte kyrkja, men særleg sterk var støtte frå dei tyske handesfolka i byen.

Margaretastredet fekk namn etter falske Margrete i 1994.

Litteratur og kilder