Fjordtun (Fedje gnr 170 bnr 31)
Fjordtun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
| Fjordtun | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 170 |
| Bnr: | 31 |
| Adresse: | Skotholmevegen 25 |
1. Berit Moldøy f. 1940 (gnr 170 bnr 3-23d) g. 1967 m. Dagfinn Bakken f. 1940 Øygarden d. 2015, styrmann. Skøyte 1975 på tomt frådelt gnr 170 bnr 3 same året. Huset vart òg bygd i 1975. Familien flytta tilbake til Øygarden i 1976.
Born: a. Helga-Iren Bakken f. 1968, bustad Sæle i Øygarden, seinare Bergen. b. Anne- Helen Bakken f. 1968 (tvilling med a.), bustad Bergen. c. Åge Bakken f. 1973, bustad Bergen, seinare Lonevåg på Osterøy.
2. Norvald Moldøen f. 1918 (gnr 170 bnr 2-17a) d. 2003 g. 1950 m. Haldis Stuberg f. 1930 (gnr 168 bnr 19-22a) d. 2015 fekk skøyte her i 1978. Tidlegare budde dei på Moldøyna gnr 170 bnr 2-18, sjå der. Dei flytta tilbake dit i 1986.
3. Karstein Moldøen f. 1959 (gnr 170 bnr 2-18e), matros, raffineriarb., g. 1987 m. Torild Rist f. 1965 frå Stormark (gnr 172 bnr 20-5b), hjelpepleiar. Skøyte her i 1986. Torild dreiv Trio Gatekjøkken i Kalvedalen, Husa saman med mora frå 1987 til 1995. Familien flytta til Alversund, Lindås og sidan til Moldøyna gnr 170 bnr 12-6, sjå meir der.
Born: a. Katrine Moldøen f. 1987, fotterapeut, var samb.m. Hans Martin Hvidsten f. 1980 Håland i Alversund (jf Alversundb. I s 368), busette der, samb. 2012 m. Andre Clark f. 1980 Askøy, tømrar, busette der. b. Magnus Moldøen f. 1988, kaptein/styrmann, bustad Alversund i Lindås, Alver kommune (sjå Alversundb. I s 126), var samb.m. Kathrine Kvamme f. 1990 Alversund (jf Alversundb. I s 350), busett der. Adoptivbarn: c. Machado Brazy Moldøen f. 1998 Bergen.
4. Lene Hatlem f. 1972 Husa (gnr 168 bnr 229-1b) d. 2013, kokk, g.m. Trond Ågotnes f. 1971 Fjell. Skøyte i 2005. Sjå òg Muren (gnr 168 bnr 42-6) og Sulo (gnr 169 bnr 69-2).
Lenes born med tidl. samb. Geir Ståle Bettum f. 1966 Bergen, bartendar, busett der, seinare Søfteland i Os, Bjørnafjorden kommune: a. Kim Hatlem Bettum f. 1994, fjellsikrar, samb. 2017 m. Susanne Fjæreide Fjellheim f. 1995, bustad Ågotnes i Fjell, Øygarden kommune. b. Alice Hatlem Bettum f. 1996, bustad Sogndal.
Trond g. 2017 m. Hege Renathe Glesnes f. 1972, bustad Skålvika i Fjell, Øygarden kommune.
5. Martin Hatlem f. 1978 Husa (gnr 168 bnr 229-1d), stuert, samb.m. Camilla Osebakken f. 1980 Bergen, butikkmedarbeidar, dei budde før i Stavanger og Bergen. Skøyte i 2015.
Born: a. Lene Kristine Hatlem f. 2015. b. Andreas Hatlem f. 2018.
| Fjordtun (Fedje gnr 170 bnr 31) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Moldøyskjeret (Fedje gnr 170 bnr 30) • Neste bolk: Skotholmevegen 39 (Fedje gnr 170 bnr 38) |