Folkvang (Fyresdal)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Folkvang (gnr. 37/10) er Lensmannsgata 9 i Fyresdal. Eigedomen vart bygsla frå Århus (gnr. 37/1) og bygd i 1895. Byggmeister var snikkar Tarald K. Vik. Tømra er frå Ramsvatn nordre (gnr. 70/1).
Her var det bank i perioden 1899-1918. Deretter vart bygningen nytta som bibliotek fram til 1925. Etter 1927 hadde lensmannen kontor her, og det er dette som har gjeve namn til gata.
Kjelder og til utdjupande lesnad
- Marvik, Steinar: Fyresdal Gards - og ættesoge Bind II, Fyresdal kommune 1992, s. 735.
- Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.
Biletgalleri
På dette biletet av Trudvang ser vi Folkvang oppe til høgre. Foto: Olav S. Nylid