Forside:Edøya/Om forsida

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Satellittbilde av Edøyfjorden frå juli 2004. Edøya er den smale øya litt ovom midten av bildet. På andre sida av fjorden, rett sør for Edøya, ser vi øya Solskjel, og kring Solskjel att ymse andre øyar i noverande Aure kommune.
Foto: NASA

Edøya er ei 7,5 km² stor øy i Smøla kommuneNordmøre. Det ligg to matrikkelgardar på øya, Edøy (gnr. 13) og Kyrhaug (gnr. 12). Edøya, som ligg strategisk til ved inngangen til Trondheimsleia (tidlegare kalla Skeida), var stormannssete i mellomalderen og gav namn til det sørlege halvfylket av det gamle Norðmǿrafylki, etterkvart kjent som Edøy len. Edøy len vart vidareført i Nordmørs futedømme, som i sin tur i hovudtrekk svarar til dei elleve nordmørskommunane i vår tid. Øya er blant anna kjent for Edøy gamle kyrkje, ei steinkyrkje som vart bygd kring 1190 — opprinneleg truleg som gardskapell. I nyare tid har øya gjeve namn til Edøy prestegjeld, som vart utskilt frå Aure prestegjeld i 1749, og Edøy formannsskapsdistrikt.