Smøla kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Smøla
1573 Smola komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1573
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Hopen
Areal 271.91  km²
Areal land 261.15  km²
Areal vann 10.76  km²
Folketall 2 172 (2018)
Målform nøytral
Nettside Nettside
Ein geitbåttrirøing i skjergarden ved Smøla.
Foto: Annar Thinn

Smøla er ei øy og ein kommune på Nordmøre og den aller nordlegaste kommunen i Møre og Romsdal fylke. Kommunen grensar til Hitra i Trøndelag fylke over Ramsøyfjorden i aust og til Aure kommune over Edøyfjorden i sør. I vest, vestom Griphølen, ligg fiskeværet Grip i Kristiansund kommune, og sjølve Kristiansund ligg på andre sida av Talgsjøen i sørvest. Personar frå Smøla blir kalla smølværingar eller smølaværingar.

Topografi

Kommunen består av ei stor øy (Smøla, stundom kalla Fastsmøla), nokre mellomstore øyar (Jøa, Rossvolløya, Kuli og Edøya) og over 5000 mindre øyar, holmar og skjer, noko som gjer at kommunen har heile ⅓ av den totale kystlina i fylket. Mange av øyane der det budde folk før er fråflytta no og blir berre bruka som fritidseigedommar. Kjente eksempel inkluderer det fråflytta fiskeværet Brattværet, så vel som Hallarøya og Ringsøya.

Berggrunnen består av sediment frå ordoviciumtida som dannar ein vestleg del av Trondheimdekket. Lagpakken inneheld Skjølberg kalksteinsformasjon, som er eit meir enn 100 meter tjukt lag av fossilførande kalk frå tidleg til midtre ordovicium. Under kalken ligg Leirvik konglomeratformasjon, og denne att blir gjennomskoren av kaledonske ultrabasiske til granodiorittiske intrusivar. Over kalken ligg ordoviciske basaltar.[1] Desse bergartane har vorte gjennomsette av ein serie med ulike djupbergartar og gangbergartar. Dei yngste bergartane i området er devonske konglomeratEdøya og Kuli. Den tsjekkiske geologen Ferry Fediuk har laga eit geologisk kart over Smøla. Den norske geologen Håvard Gautneb gjorde detaljerte geologiske studiar, skildra aldersrekkjefølgja av bergartane og utførte aldersbestemmelse av dei.[2]

Helt sør i kommunen ligg Edøya, som er knutepunkt for Kystekspressen og ferjesambandet til fastlandet. Lengst nord i kommunen ligg det kjente fiskeværet Veiholmen. Høgaste punktet på Fastlandssmøla er Nelvikberget med 63 moh. Landskapet elles er relativt flatt og nærmast prærieaktig.

Kommunesenteret er lokalisert på Hopen. Her finst rådhus, bibliotek, politi og eit handlesenter.

Kommunikasjon

Kommunen har ikkje vegsamband til fastlandet, men bruene som bind Kuli og Edøya til Fastsmøla vart sluttført i 1989. Straumen ferjekai vart da nedlagt, og Edøya ferjekai vart bygd på Edøya i samband med ferjesambandet Edøya–Sandvika, som bind Smøla saman med Tustna i Aure kommune. Heilårsdrifta for ferja vidare til ForsnesHitra vart nedlagt i 2007, men fortsett som sommarferje frå veke 24 til og med veke 33.[3] I tillegg stoppar Kystekspressen, som går i rute mellom Kristiansund og Trondheim, på Edøya fleire gonger dagleg.

Det tek vel halvannan time å kjøre bil frå Smøla til Kristiansund. Kystekspressen brukar 35 minutt til Kristiansund og kring 2,5 timar til Trondheim.

Næringsverksamheit

Frå vindmølleparken
Foto: Jon Rogne

Ein stor del av arealet i Smøla kommune er lyng- og myrlandskap, men ein del av dette er vorte rydda til landbruk dei seinare åra, særleg til gulrotproduksjon. Kring 5 % av arealet er i dag jordbruksareal, og denne næringa står for 12 % av sysselsettinga. Fiskeri, fiskeoppdrett, fiskeforedling og relaterte verksamheiter utgjer kring 40 % av den samla sysselsettinga. Tidlegare var det òg stor mekanisk produksjon på «Tallmek», som produserte lastebilplan til dumparar produsert av «Moxy».

Kultur

Øymuseet på Smøla ligg i Havnvik og omtaler seg som eit stein- og gårdsmuseum. Museet syner litt av Smølas sagn og historie. Blant dei eldste gjenstandane er ein 3800-5900 år gamel pilspiss frå den eldste busetnadsplassen på Smøla, Reiråa, som ligg på same steden som museet. Samlinga omfattar håndverksredskap, gjenstandar frå skipsvrak, fiske, kvalfangst, jordbruk, samt stein og mineralar.

Tusenårsstad

Tusenårsstaden i Smøla kommune er eit senter og eit område på Edøya. Prosjektet vart kjent som Prosjekt 2006, og stod ikkje klart til årtusenskiftet. Fornminna på tusenårsstaden har fått nye informasjonsskilt, og staden er òg ein del av «Nordsjøløypa». Senteret skal kanskje byggjast ut til å innehalde spelplass for spelet Fru Guri av Edøy, turistinformasjon og visingssenter for vindkraft. Prosjekt 2006 var eit samarbeid mellom Smøla kommune, Møre og Romsdal fylke og Statkraft.

Kjente smølværingar

Bibliografi

Fotnotar

  1. Christoffer Oftedahl: Norges geologi. 2. utg. Trondheim (Tapir), 1981. ISBN 82-519-0446-3
  2. Håvard Gautneb: Høy-K dioritter og assosierte bergarter på sydlige Smøla arkipel, Møre og Romsdal. Cand.scient.-oppg., Universitetet i Bergen, 1987.
  3. http://www.hitra.kommune.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=1439&Category.ID=659

Lenkjer


Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Smøla» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.