Fredtun (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fredtun (Fyresdal gnr. 37/1/10) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Lensmannsgata 18.

Ved leigekontrakt 1905 fekk Tarald K. Vik eit jordstykke på Århus (Fyresdal gnr. 37/1) til 15,90 kroner årleg leige. I 1908 selde han tomta Fredtun til Asgjerd O. Haugen. Frå henne gjekk festet vidare til Ingebjørg S. Moghus 1916.

Ingebjørg skreiv seg Momrak då ho i 1918 selde tomt og bygnigar til Turi Vrenne. Huset hadde kome frå Kiland (Fyresdal gnr. 25), der var det ei gamal stove og skule..

Seinare eigarar har vore mange, siste eigar var Inger Zettergren, ho pussa bygningen mykje opp. Då ho flytte frå bygda kjøpte kommunen eigedomen.

Ein periode før og etter 2. verdskrigen heldt Fyresdal folkebibliotek til i andre høgda.


Biletgalleri


Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.