Fredtun (gnr 45/13)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fredtun ligg på sørsida av Rikesvegen der han tek av mot aust frå Nordibøvegen (tidlegare Riksveg 12), sentralt i Vallebygdi i Valle kommune.
Eigendomen ligg omlag midt i Rikesgarden og vart utkløyvd frå Grjotgarden i 1952. Torjus Aslaksson Rike fikk skøyte frå faren Aslak Gunnarsson Rike (1870–1957). Aslak fekk Torjus med den andre kona, Sigrid Knutsdotter Kyrvestad (1882–1932). Torjus dreiv med bygningsarbeid, og huvde med Signe Knutsdotter f Sandnes (f 1915) frå Sandnes i Bygland i 1954. Frå 1956 til 1960 åtte dyrlækjar Olav Dynna og kona Elleonore Helene Fredtun, og dei selde husi til Valle kommune som nytta dei som dyrlækjarbustad:
- 1960 – 1971: Asbjørn Kvitrud
- 1972 – 1980: Karsten Tobias Kjølleberg
- 1981 – 1987: Gunvald Hallvardsson Mosdøl
- g 1974 m Angjerd Jonsdotter Mosdøl, f 1949, frå Moen i Trydal.
- Born:
- Hallvard, f 1976
- Torbjørn, f 1980
Kjelder
- Ryningen, Alfred: Gards- og ættesoge Valle (band 4), side 232. Valle kommune, 1987. ISBN 8299133432. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- seeiendom.kartverket.no: Fakta om bruket
- Moen på lokalhistoriewiki, rev. per 13. mai 2020 kl. 08:48.