Furnia

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Furnia var ei møbelbedrift i Sykkylven, skipa 1. januar 2013. Furnia var ein fusjon av tre møbelbedrifter: Sandvik (Ørsta), Sitwell (Stordal) og Rajo (Sykkylven). Bedrifta hadde hovudkontor i det tidlegare fabrikkbygget til Hjellegjerde Møbler i Sykkylven.

Dei tre bedriftene som gjekk saman i Furnia, hadde gjennom fleire år eit samarbeid på salssida. Dei var alle relativt små i størrelse og meinte at det ville bli positive synergiar om dei tok samarbeidet eit steg vidare. I vurderinga av kvar dei skulle opprette fellesadministrasjon, la dei vekt på at dei ville vere i eit miljø med gode støttefunksjonar for møbelproduksjon. Valet fall då på Sykkylven som framleis er den kommunen i landet som har flest møbelbedrifter.

Dei tre tidlegare produsentane fylte kvarandre ut. Rajo hadde lenge vore kjent som ein leverandør av salongmøblar i mellomklassa, Sandvik var spesialist på møblar for spisestove og kjøkken, medan Sitwell hadde hatt ein allsidig salongmøbelproduksjon, og også ein kolleksjon av seniormøblar.

Selskapet vart skipa i ei krevjande tid for møbelbransjen. Investeringsnivået i Noreg var relativt lågt, samstundes som konkurransen frå lågkostland var hard. Det bidrog til at Furnia måtte innstille etter relativt kort tid. Tidlegare dagleg leiar for Furnia, Lars Urtegård, gjekk vidare med ein del av kolleksjonen til Sandvik.

Kjelder