Furumo (Bykle gnr 2/51)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Furumo
Hovden 61.jpg
Furumo i 1954. Skiltet over døra er vrangt å lesa på biletet, men iallfall står det: «Kafe - Husrom - Mjølkeringar». Det siste ordet på skiltet har me ikkje greidd å tyde, og mannen i døropninga er ikkje identifisert. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Utskilt: 1962
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 51
Type: Bustads- og næringseigedom

Furumo er ein bustads- og næringseigedom i Hovden i Bykle kommune. Huset vart oppsett av Kjetil Sveinsson Hovden (sjå bnr 1) til posthus og kafe i 1946. Dottera Åshild overtok det i 1962.

  • Åshild Kjetilsdtr. Hovden, f 1913, d 2000
g 1940 m Såve T. Lidtveit, f 1902, d 1958. Born:
  • Torbjørn, f 1940, militær g m Else Marie Torp, Ås, busett Andebu, Vestfold. Born:
  • Bente Irene, f 1965
  • Stein Erik, f 1968
  • Kjetil, f 1946, g m Birgit B. Breive, sjå Fredtun, bnr 315.

Såve Lidtveit var frå Åraksbø, og son åt Torbjørn Lidtveit. I 1954 flutte han og familien til Åmli, der han var prestegardsforpaktar. Etter at han døydde, flutte Åshild og borna oppatt til Hovden. Ho dreiv kafeen her, og dei budde også i det same huset.

Sonen Kjetil overtok huset frå Åshild. Han leiger det ut, og i perioden 1986-1996 var her sportsforretning. Sidan 1996 har her atter vore kafedrift.

Furumo 5.8.2005. Som ein ser har huset vorte ein del ombygd sidan 1954. I bakgrunnen til høgre er eit nytt bygg med forretning og leilighetar i ferd med å reise seg.
Foto: Aanund Olsnes
Såve og Åshild Lidtveit ca 1940. Bilete frå Setesdalsmuseet.


0941 Bykle komm.png Furumo (Bykle gnr 2/51) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Fjellheim • Neste bolk: Dalheim