Johannes Gjerdåker

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Gjerdåker, Johannes»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Johannes Gjerdåker (fødd 15. februar 1936, død 27. april 2020) var filolog, historikar, poet og omsetjar, busett på Voss.

Etter Voss landsgymnas arbeidde han ein periode på Island. Etterpå studerte han språk og historie ved Universitetet i Oslo. Han dreiv mykje som gjendiktar, og omsette til nynorsk. Gjerdåker omsette bøker frå engelsk, tysk, latin, islandsk og persisk. Sitt eige forlag, Vestanbok, starta han i 1980.

Gjerdåker skreiv fleirfaldige lokalhistoriske bøker. Han fekk Voss kommune sin kulturpris i 1992, og i 2020 vart han heidersmedlem i Voss mållag.

Lokalhistorisk bibliografi

  • «Bygdenamnet Voss», i Gamalt frå Voss - hefte I, 1969, s. 9–11.
  • Arbeidet i bygdene : årsrytmen på Voss før landbruket vart mekanisert. Utg. Vestanbok forl. 1980. 120 s. ISBN 8271010727. Digital versjonNettbiblioteket
  • Postvegane i Hordaland - vegbygging og bruk av vegane : med kart og turframlegg, 1989.
    • Melding: Hallan, Nils i Heimen, b. XIX, s. 67–71.
  • Ålmenn soge for Voss : frå 1800 til vår tid. Utg. Voss bygdeboknemnd. 1990-91. 2 b.
  • «Helgaset, eit stølsnamn på Voss», i Harsson, Margit og Botolv Helleland (red.) (???) 1995, s. 157–164.
  • Levande landskap: Vossebygdene - Granvin - Nærøydalen, Voss veksel- og landmandsbank, Voss, 1999, ISBN 827-12-8287-5. Digital versjonNettbiblioteket
  • «Kvitla og skålgropsteinen nedanfor fossen», i Hordaland 4. november 2000.
  • Stølar i vossafjell. Utg. av Voss bygdeboknemnd. 2001. 319 s. ISBN 8299122139.
  • «Theodore Slette og hans tid på Voss», i Gamalt frå Voss, 40. Voss 2008.

Kjelder og litteratur

Vidare lesing

  • Bokmann og brubyggjar. Festskrift til Johannes Gjerdåker på 70-årsdagen, redigert av Asbjørn Aarnes og Jon Askeland, 2006.