Go´foten fotklinikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nina Emblem Helseth i Go´foten fotklinikk
Foto: Eldar Høidal (2019).

Go´foten fotklinikk er ein klinikk for fotbehandling i Sykkylven. Firmaet vart etablert av dagens eigar og drivar, Nina Emblem Helseth i 1992. Emblem er utdanna fotterapeut frå den private utdanningsinstitusjonen, Agder Fotterapiskole, i Kristiansand.

Dei første åra dreiv Emblem Helseth klinikken i same lokala som Edel Myhre hadde frisørsalong, i Dalen-huset i Sykkylven sentrum. Denne samlokaliseringa varte i sju år. Då Myhre flytte ut av lokala, vart dei for store for fotklinikken, og Helseth dreiv klinikken i heimen sin i tre år.

Då Kjødes frisørsalong i Bakkehuset vart lagt ned, flytte Helseth klinikken dit. Sidan har firmaet halde til der.

Helseth har både privatkundar og institusjonsavtalar. To dagar i veka har ho kontor i Sykkylven, og resten av veka deler ho seg mellom brukarar i Stranda og Norddal kommunar.

Nina Emblem Helseth har merka ei aukande interesse for fotbehandling. Dei første åra ho dreiv var det mange som såg på fotpleie som skjønnheitspleie. Dei siste åra har det vore meir fokus på fothelse, og folk har fått ein økonomi som gjer at dei kan tillate seg førebyggjande og terapeutisk behandling for å minske plager som mange før levde med.

I 1996 fekk Helseth Norsk Språkråds diplom for godt norsk namnevett for valet av firmanamn.


Kjelder

  • Eldar Høidal i samtale med Nina Emblem Helseth. Mai 2019.
  • Diplom Norsk Språkråd 1996.