Grenda (Fedje)
Grenda er eit av dei eldre gardsbruka i Fedje kommune.
Grenda ligg mellom Muren, Stuberg, Opphaugen og Kopper. I 1640 vart det kalla Grenda som i dag. Men det gjekk lenge under namnet Mulen, også skrive Muren. Det kan sjå ut som at Grenda vart skilt ut frå Muren, for i ein del kjelder rundt 1700 vert det kalla «Noch Muren», dvs. endå eit bruk med namn Muren. I skattelista for 1711 står det «Grend eller Muren», som klart syner at det var det same bruket. For å skilja dei betre frå kvarandre, vart det så skrive Mulen eller Mullen, m.a. i skifteprotokollane og panteregistra fram til 1850. I kyrkjebøkene vart det heile tida brukt Grenda. Skriveformene her var Grenden og Grend på 1700-talet, medan dei mest vanlege på 1800-talet var Grenden, Grænden og Grinden. I folketeljinga 1801 vart det skrive Mulen, men frå 1835 og framover vart det brukt Grinden også i folketeljingane. Mulen gjekk heilt ut av bruk rundt 1850. Uttalen av namnet er «grennæ». Den gamle landskylda for Grenda var på ½ våg fisk, til liks med dei andre mindre bruka på Fedje. Det har heile tida vore eitt bruk på Grenda.
| Grenda (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Kristiansplass • Neste bolk: Grenda (Fedje gnr 168 bnr 17) |