Gudbrandsdal Arbeidarmållag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Martinus Høgåsen ved skrivebordet i familiens heim Grindstugu i Vågå, tidleg på 1960-talet. Biletet er teke av Ole Arnfinn Torgersrud. Høgåsen og Torgersrud stod i spissen for arbeidarmållaget.

Gudbrandsdal Arbeidarmållag var ein nynorsksamskipnad knytt til arbeidarrørsla i Gudbrandsdalen rundt 1960. Laget gav i 1961 ut eit hefte med tittelen Foraktet av de store, men elsket av de små. Der er journalisten og forfattaren Ole Arnfinn Torgersrud frå Gausdal nemnd som formann for laget. Hovudinnhaldet i heftet er elles eit kåseri av Ola Martinus Høgåsen om arbeidarrørsla og målsaka. Høgåsen var venteleg ei hovuddrivkraft i arbeidarmållaget saman med Torgersrud.

I heftet er det attgjeve eit opprop spesielt retta til arbeidsfolk i Gudbrandsdalen om å slutte opp om nynorsken. Av 23 underskrivne står tidlegare kyrkje- og undervisningsminister Lars Moen fremst. Rektor ved Gudbrandsdal offentlege landsgymnas Agvald Gjelsvik er likeins blant underskrivarane, og elles består lista av ordførarar og andre knytta til arbeidarrørsla i bygdene i Gudbrandsdalen. Som innleiing til heftet er det opptrykt ein leiarartikkel frå arbeidarpartiavisa Dagningen 21. mai 1955. Det er ein appell om å behalde nynorsk som skulemål i Gudbrandsdalen der alle krinsane nord for Fåberg på det tidspunktet hadde innført dette.