Gunnar Omdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Staskniv av Gunnar Omdal, krokslirkniv av kvalrosstann.
Foto: Vest-Telemark Museum.

Gunnar Omdal (1901–1984). «Knivkunstnaren» frå Omdalsgrend som laga stasknivar det vil gå gjetord om til alle tider. Gunnar er blant kremen av knivmakarane frå øvre Telemark og har mykje ære for at stasknivane frå Vest-Telemark er vidgjetne og står til overmåls i eiga særklasse – det skal halde hardt om nokon slår desse. Det er alle seriøse knivsamlarar sin våte draum å ha ein Omdalkniv i samlinga si. Desse stasknivane er i dag særs verdifulle og er vanskelege å få tak i.

Gunnar kom til verda den 22. september 1901 på garden Sudistog Omdal i Tokke kommune. Der voks han opp, men då han vart vaksen overtok og dreiv han, i lag med den eldre broren Nils, garden Uppigard Mjaugedal. Der blei han buande resten av sine dagar. Berre heilt på det siste var han på Helseheimen nede på Dalen, og der slokna han den 9. november 1984.

Ungane, som voks opp i fjellbygdene på fyrste halvdel av 1900 - talet, dreiv på med arbeid og leik. Skulegang blei det ikkje så mykje av og formell utdanning seinare var heller uvanleg. Men for å klare seg i livet, var det mykje som måtte lærast. Ungane måtte tidleg vere med i det daglege gardsarbeidet og ved at generasjonane arbeidde saman, blei læringa ein naturleg del av kvardagslivet. Særleg det å vere sjølvhjelpt var overmåte viktig.

Gunnar Omdal var ein bygdekustnar av det rette slaget. Han var særdeles nøyen i alt han gjorde. Kor lang tid arbeidet tok fekk så vere, men resultatet måtte vere fyrsteklasses. Det skulle vere solid, fint og skikkeleg gjort. Kvalitet var langt viktigare enn kvantitet for denne karen. Han var treskjerar, smed, knivmakar, sylvgravør, mekanikar, tømrar og gardbrukar. I slekta hans finnast fleire dugelege handverkarar og bygdekunstnarar, så han hadde det nok i blodet. Alt som liten gutunge, blei det lagt merke til hans gode evner og handlag innan handverk. Han fekk det liksom til – alt som fanst.

Gunnar tok aldri noko formell utdanning, men i oppveksten fekk han med seg mykje god praktisk opplæring i solide handverk. Far til Gunnar, Sveinung Nilsson Skaret, var hjulmakar, snikkar og tømrar. Han hadde ein liten snikkarverkstad og der dreiv han med allslags trearbeid – laga møblar og mangt slikt som trongst til hus og heim. Gunnar var mykje med far sin på verkstaden og såleis lærte han å teikne, skjera i tre og elles alt anna som hadde med trearbeid å gjera. Guten var flink, hadde praktisk sans og hadde så visst taket på dette arbeidet. Det seiast at før han fylte 20 år, var han ein skikkeleg god treskjerar. Og Gunnar var huga på å lære meir. Rett som det var, tok han turen ned til smeden i Lio. Der i smia, var det sjølvaste storsmeden Kjetil Nilsson Lio som rådde grunnen. Kjetil let Gunnar få vere med på smedarbeid av alle slag og han fekk med seg mykje lærdom ut av dette. Dei gamle handverkarane kunne vel vere noko påhaldne med handverksløyndomane sine og dei strødde ikkje om seg med kunnskapar i hytt og ver. Men Gunnar var heldig for mellom han og Kjetil var det familieband, så då var det vel greitt.

Gunnar var ein mann som skikka seg vel og han var ein drivande arbeidskar. Attåt å drive med jord og skogsarbeid heime på Uppigard, brødfødde han seg som handverkar – med bygningsarbeid og noko reparasjonar av mekanisk utstyr. I tida 1937 - 38 arbeidde han på Lio bilverkstad på Dalen. Ymse bygningsarbeid blei det nok mest av, både nybygg og reparasjonar, og han var knakende god til å lafte tømmerhus. Lafta var så nøye tilhogne at då dei fall i hop, var det som heil ved. Det var som det var hogge i smør – så blei det sagt.

Det har til alle tider vore gildt å ha ein god kniv for karane her i Vest-Telemark. Ein god arbeidskniv var heilt umisteleg i kvardagslivet fordi denne kunne brukast i mest alle slags gjeremål. Kravet til arbeidskniven er fyrst og fremst at bladet skal vere skarpt og skaftet godt å halde i. Når me talar om staskniven blir det noko heilt anna. Den er berre til å stase seg opp med, så den skal vere fint laga av kostbare materialar. Eigentleg er staskniven resultatet når fyrsteklasses handverk og kunstverk i meisterklassa smeltar saman til eitt på ein slik glimrande måte. Det er klart som dagen at dette er ikkje noko for kven som helst, men Gunnar Omdal var kar nok for slikt arbeid – og det til gagns. Gunnar og andre lokale knivmakarar sette ein standard, laga ein tradisjon, for den moderne staskniven frå Vest-Telemark. Stort sett var Gunnar trufast mot denne tradisjonen, men han skil seg likevel ut. Han hadde stor skaparkraft i det å tenkje nytt i knivarbeidet sitt. «Eg vi’kje storkne i same formi», sa Gunnar. Han fann stadig på nye mønster og måtar å utsmykke knivane sine på og difor er det mest uråd å finne to like knivgreier som han har gjort.

Gunnar gjekk aldri i noko formell knivmakarlære, men det blei å sjå til og lære litt her og der. Det var nok, for resten klarte han heilt fint på eiga hand. Han byrja å lage knivar kring 1925 - 26 og dreiv med dette heilt fram til 1980 - 81. Gunnar laga mange slags knivgreier, både arbeidsknivar og stasknivar i sylv, gull og bein. Alt i 1928 selte han ein staskniv som skulle vere premie på ein landbrukstevling. Det er den aller fyrste sikre Omdalkniven. Mesteparten av stasknivane laga han frå 1963 og frametter og i tida 1963 - 65 kosta ein slik kniv 200 kroner. Rundt rekna skulle det bli om lag 160 knivar, så produksjonen var for så vidt liten og kan vel kallast ein hobby.

Gunnar hadde lært å smie knivblad av både Kjetil Lio og Bjørn Kleppo, så han smidde alltid blada sine sjølv. Sjølv om han smidde heller få blad, så hadde desse ord på seg for å vere kvasse og stilfulle med den svake bogen før spissen. Men det som særmerkjer stasknivane til Gunnar aller mest er mønsteret og graveringa på holkane. Stadig nye mønster, med stor detaljrikdom, og då saman med gravering av høgaste kvalitet – ja, det er dette som gjer Gunnar Omdal heilt eineståande. Mykje av graveringsarbeidet hans er truleg noko av det beste som er gjort.

Kor som er, me må ikkje gløyme beinknivane som er kanskje dei mest spesielle knivane Gunnar laga. Særleg ein av desse er verkeleg staseleg og forseggjort. Dette er ein krokslirkniv der både slir og skaft er av kvalrosstann og holkane er av sylv. All gravering og utskjering på denne er overvettes bra og må sjåast - ikkje minst det gaupehovudet i sylv som prydar toppen på skaftet . Dette er eit meisterstykke av aller høgaste grad og kniven er truleg laga tidleg på 1970 - talet. Gunnar gav denne kniven til Vest-Telemark Museum i 1982. Ja, det å gjeva vekk ei slik ovleg fin gåve var storveges gjort, og det fortel oss at Omdal’n tenkte mykje lenger enn einaste på seg og sitt.

Med Gunnar var det aldri noko lurveleven og fanteri, og han ville ikkje vere i ugreie med nokon. Han var stillferdig, snill og hjelpsam, men å prøve seg på eit karstykke i lag med andre – ja, det kunne vel vere litt stas. Han var både mjuk og spretten, og det seiast at ein gong hekk han berre etter føtene i kyrkjetårnet på stavkyrkja i Eidsborg. Dette hendte i den tida han dreiv med noko restaureringsarbeid der.

I godt lag kunne Gunnar både syngje gamle viser og spele fele – og då kunne eit godt glas øl høyre til. Elles var det vanleg at på fritida samla dei unge frå grenda og nabogrenda seg til dans og moro. På dette viset kunne ungdomen møtast og ha det gildt, både den venaste møy og gildaste kar. Om Gunnar leika og kjætte seg med ungjentene er vel så, men det blei nå ikkje noko ut av det for kjerringlaus var han alle sine dagar.

Det hadde seg nå slik at Gunnar og broren Nils budde i lag, og ordninga var at Nils hadde styringa der i garden. Ein gong hadde Gunnar gjort eit arbeid for den lokale postkøyraren, Magne Groven. Det var eit fint monogram med gotiske bokstavar. Då Magne spurte kva han skulle ha for arbeidet var det Nils som svara: «Nei, det er heilt gratis, det var så lite at det ikkje var noko å ta noko for.»

Jau, det er vel slik at stillaste vatn har den djupaste grunn. Store kunstnarar har noko i seg som me vanlege ikkje har. Det er vel difor dei er store.

På Vest-Telemark Museum har dei stasknivar som Gunnar Omdal har laga. Sjå dei og nyt stunda!


Kjelder:

  • Gunnar Omdal i Historisk befolkningsregister.
  • Brattekås, Sigrunn Lie. (2001): Knivkunstnaren Gunnar Omdal. Vest-Telemark Museum.
  • Lie, Ulf og Per Thoresen. (1988): "Magne Groven, Vinje" i: Knivbladet (4/1988). Norsk knivforening.