Gunnhild Rutledal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gunnhild Rutledal (1895–1973) var lærar og forfattar frå Rutledal i Gulen kommune. Ho var lærar i Rutledal krins og Sygnefest krins og hadde eksamen frå Stord lærarskule i 1919 og arbeidde i skulen fram til 1946 då ho vart pensjonist. Gunnhild vart ikkje gift, men ho var aktiv i organisasjonar som Sogn ungdomslag. I 1921 kom diktsamlinga Morgontonar under pseudonymet Audhild.
Foreldra var bonde og ordførar Hans Kolbeinsson Rutledal (1865-1959) og Sygni Olsdotter Slengesol. Faren var ordførar i Gulen 1911-31. Tre av brørne var òg lærarar. Konrad Rutledal var lærar i Gulen i sju år før han tok over garden heime, Bernhard Rutledal var lærar og organist i Vik i fleire år og Olav Rutledal var lærar på Voss.
Galleri
Kjelder
- Audhild: Morgontonar. Bergen. 1921. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Dikting og diktarar frå Sogn. Utg. Historielaget for Sogn. 1978. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Espeland, Arne: Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Kleiva, Ivar: Gulen i gammal og ny tid : 1. Utg. Gulen kommune. Gulen. 1973. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Agder Tidend 1928.06.12. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Agder Tidend 1929.07.04. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Sunnhordland 1936.01.10. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Sogns Tidend 1936.04.14. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bergens tidende 1937.08.25. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Sogn og Fjordane 1955.08.19. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bergens tidende 1963.11.22. Digital versjon på Nettbiblioteket.