Håtveit-jentun

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Signe var den eldste av systrene.
Foto: Augusta Herrlin, Skien
Anne var to år yngre.
Foto: Augusta Herrlin, Skien

Håtveit-jentun var dei bunadsaumande systrene Signe og Anne Håtveit frå Morgedal i Kviteseid kommune. I 1937 kaupte dei ein liten gard i Kviteseidbyen og slo seg ned der. På 70-talet veit vi at dei budde i 2. etg og leigde ut 1.etg. Anne døyde alt i 1976 eller 1977, men Signe levde til utpå 80-talet.

I arven etter systrene var det mange rosemønstre som stadig blir bruka til brodering av Vest-Telemark bunadar, eit eksempel er «Skarsrosa» som blei utarbeidd av ein av systrene etter ein vott som blei funne på Skare i Morgedal. Margit Nilsen, som er niese, har fortsatt med påteikning og m.a. bruka Anne og Signe sine mønster..

Eksterne lenker

Håtveitrose. Eitt av fleire rosemønster til Vest-Telemarkbunaden frå Håtveit-jentun
Foto: Anne Brit Borgen/kilde