Opprop for målsaka i Nordfjord og Sunnfjord 1899
I november 1899 gjekk det ut eit opprop i avisene i Sunnfjord og Nordfjord med oppmoding om å ta i bruk landsmålet i skule og kyrkje. Oppropet vende seg til skulestyra og kyrkjelydane i Fjordane. Skulestyra vart bedne om å «hjelpa det norske målet fram til heidersplassen i skulen». Kyrkjelydane vart oppmoda om å gjere seg kjende med Nokre Salmar av Elias Blix og ta dei i bruk i kyrkja.
Oppropet er datert Fjordarne i novbr. 1899. Initiativet kom truleg frå styret i det nyskipa Firda mållag der Elias Melvær var fyrste formann og Haakon Aasvejen var sentral. Båe arbeidde ved amtsskulen i Florø.
Det vart prenta i fleire aviser, mellom anna Fjordenes Blad 27.11.1899. Nokre underskrivarar kom til i eit tillegg prenta 11.12.1899.
Oppropet gjev eit godt bilete av kven som stod i spissen for målreisinga i bygdene i Sunnfjord og Nordfjord på dette tidspunktet.
Namn i opprop | Tittel i opprop | Stad i opprop | Merknad |
---|---|---|---|
A. M. Thomasgaard | ordførar | Horndalen | |
Olav Holmøy | arbeidsskulestyrar | Horndalen | |
O. R. Svor | heradskasserar | Horndalen | |
O. N. Lødøen | lærar | Horndalen | |
P. Sunde | kyrkjesongar | Stryn | |
Jon Fridtun | gardbrukar | Stryn | |
M. Sandvik | landhandlar | Stryn | |
Rasmus Bruvoll | gardbrukar | Olden | |
Knut Taraldset | stortingsmann | Innvik | |
L. Reed | kyrkjesongar | Innvik | |
Olav Slaattelid | kyrkjesongar | Eid | |
Jon S. Ous | gardbrukar | Eid | |
A. Skarstein | landhandlar | Gloppa | |
Rasmus Lothe | gardbrukar | Gloppa | |
Gudbr. Henden | lærar | Gloppa | |
J. E. Aaland | landhandlar | Gloppa | |
L. E. Søreide | lærar | Gloppa | |
J. Myklebust | ordførar | Breim | |
Ap. Rosenlund | kyrkjesongar, ordf. | Davik | |
L. J. Eldevik | lærar | Davik | |
N. Hole | lærar | Davik | |
S. A. Lødemel | lærar | Selja | |
Edv. Arstein | kand theol. | Bremanger | |
E. Vindheim | kyrkjesongar | Bremanger | |
Haakon Aasvejen | amtsskulestyrar | Florøy | |
Elias Melvær | amtsskulelærar | Florøy | |
J. Volle | kyrkjesongar | Kinn | |
N. Seim | gardbrukar | Kinn | |
P. Havikbotn | lærar | Kinn | |
Olai Aalen | kyrkjesongar | Eikefjord, Kinn | |
M. Gjelsvik | landhandlar | Vevring | |
Ludv. Solheim | res. kap. | Førde | |
M. Noreide | gardbrukar | Askvoll | |
Olai Frøyen | kyrkjesongar | Ytre Holmedal | |
Samson Eliassen | emissær | Ytre Holmedal | |
G. L. Aarnes | lærar | Indre Holmedal | |
Kr. Eimhjellen | lærar | Naustdal S. | |
S. K. Aarnes | gardbrukar og ordførar | Stryn | I tillegget 11.12.1899 |
A. A. Drageset | gardbrukar | Innvik | I tillegget 11.12.1899 |
Elias Gloppestad | gardbrukar | Gloppa | I tillegget 11.12.1899 |
O. Rogne | lærar | Askvoll | I tillegget 11.12.1899 |
Kjelde
- Lothe, Anders A. (1950). Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag m.fl., s. 314-316 (Digital utgåve, NBdigital)
Opprop for målsaka i Nordfjord og Sunnfjord 1899 er del av prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013 som er komme i stand i samband med Språkåret 2013. Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien. |