Hans Heljeson
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hans Heljeson (fødd i Skåne ca. 1761 død 1828) var driftsstyrar ("Alunmester", "Forvalter") ved Alunverket i Gamlebyen, Oslo.
Han var gift med Karen Hansdatter (fødd ca. 1760, død 1835). I 1801 budde ekteparet ved Alunverket med fem born og ei tenestejente. Borna var i alderen 1-12 år, to jenter og tre gutar. Nesteldste sonen, Hans (7), er identisk med Hans Helgesen, som vart offiser og helt frå den dansk-tyske krigen i 1848. Dei budde i det såkalla Dyvekes hus på Alunverkets grunn i det som i dag er Konows gate.
Hans Heljeson hadde røynsle frå alunutvinning i Sverige, og hadde stillinga ved Alunverket i Oslo i tidsrommet 1792–1812.
Kjelder og litteratur
- Hans Heljeson i folketeljinga 1801 for Oslo menighet frå Digitalarkivet
- Hans Heljeson i Historisk befolkningsregister.
- Collett, Alf: Gamle Christiania-billeder. Utg. Cappelen. 1909. Digital versjon på Nettbiblioteket.
|