Havdrønn (kutter 1936)
Havdrønn er ein klinkbygd hekksbåt eller kutter. Lars D. Bjørkedal (1898-1980) frå Lars-garden på Bjørkedalen bygde båten for Hilmar Larsen frå Vedde på Sula. Då Hilmar Larsen eigde båten, hadde den namnet Rapp (M28B).
| Havdrønn | |
|---|---|
| Registeringsnummer | M35S |
| Egennavn: | Havdrønn |
| Båttype | Kutter |
| Lengde | 33,8 fot |
| Byggeår | 1936 |
| Båtbygger: | Lars D. Bjørkedal |
| Framdriftsmidler: | Motor |
| Motortype | Finnøy 12 -14 hk semidiesel |
| Kommune | Volda kommune |
| Lagstilhørighet: | Bjørkedal kystlag |
| Lagstilhørighet andre: | Dalsfjord sogelag |
| Nåværende eier: | Bjørkedal båtsamlingar |
I 1957 vart båten kjøpt av Olav og Atle Myrvoll på Rovde i Sande. I 1968 kjøpte Bernt Sundnes på Rovde båten og den fekk namnet Havdrønn. Sundnes var landbruksmekanikar og nytta båten til å reise rundt i området rundt Sognefjorden og Solund for å reparere traktorar. 1 september 1969 vart Havdrønn registert som M134VA med Arne Røv frå Bjørneset som eigar. Han brukte båten til å fiske utover på syttitalet. Då Arne Røv dødde i 1980 overtek sonen John Røv på Rovde båten. Dalsfjord sogelag kjøper båten i 1982/83 og i 1996 vart den seld vidare til Bjørkedal kystlag.
Galleri
Kjelder
- Hjellnes, Tove Aurdal: Bjørkedal kystlag og Bjørkedal båtsamlingar. Voldaminne 2012 s. 121-140