Heimeindustri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Heimeindustri (husindustri) er handverksbasert vareproduksjon som foregår i heimane til dei einskilde handverkarfamiliane, gjerne med medverknad både fra mann, kone og born og evt. andre i hushaldet. For å kalle det heimeindustri, føreset ein at produksjonen føregjekk i eit visst omfang, og at det var meint for marknadsomsetjing, altså ikkje berre for eige hushald eller produkt som var forhåndsbestilte og framstilte for bestemte einskildkundar.

Eilert Sundt greier ut om heimeindustri i Noreg midt på 1800-talet, og utgav det i bokform med tittelen Om Husfliden i Norge. I vår tid har husflid ei litt anna tyding enn heimeindustri.

Det engelske uttrykket for heimeindustri er domestic industry eller også cottage industry. Det siste uttrykket er i grunnen særleg illustrerande, fordi det peikar mot kva samfunnsgruppe desse handverkarane gjerne tilhøyrde. Det var oftast småbrukarar og husmenn som var avhengig av attåtnæringar. Men det kunne også foregå i bondefamiliar på sjølvberga gardar der det var overskot av arbeidskraft, ønske om og flid og vilje til å skaffe ekstrainntekter i lågintensive sesongar i jordbruksproduksjonen.

Den aukande utbreiinga av heimeindustri i tidleg nytids Europa er hovudinnhaldet i det som ein del historikarar har kalla den industriøse revolusjonen. Elles har det frå ca. 1970 vore vanleg å bruke nemninga protoindustri om slik «industri før industrialiseringa».