Protoindustri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ljåsmiinga i Tinn i Telemark er eit døme på protoindustri i Noreg. Her er fleire kjente smedar frå Tinn samla ved ei kolmile i Austbygde i 1918.
Foto: Ukjent /Telemark fylkesmuseum

Protoindustri (frå gresk protos = fyrst, opphavleg) vart ca. 1970 lansert som nemning på ulike former for «industriell» verksemd på landsbygda før den industrielle revolusjonen, dvs. handverksproduksjon og omsetnad organisert som heimeindustri og forlagsverksemd. Stundom reknar ein også med handverksbaserte «fabrikkar» (manufakturar) på landsbygda. Protoindustrien skil seg frå det tradisjonelle bygdehandverket ved at den er organisert i meir omfattande skala og innretta mot marknader utanfor bygda/distriktet. Den skil seg frå den «eigentlege» industrien (fabrikkproduksjon) ved sitt lågteknologiske produksjonsutstyr, ved sine desentraliserte produksjons- og distribusjonssystem og ved si svakt utvikla arbeidsdeling i produksjonsprosessen.

Omstridd teori

Det var den amerikanske økonomihistorikaren Franklin Mendels (1943-1988) som fyrst tok i bruk «protoindustrialisering» som nemning på ein historisk modell eller teori. Han nytta uttrykket i doktoravhandlinga si frå 1969, og vann særleg merksemd med artikkelen «Proto-industrializatinon: The First Phase of the Industrialization Process» frå 1972.[1] Teorien er omdiskutert. Det gjeld særleg den årsaksforklarande rolla Mendels tillegg protoindustrien i samband med den industrielle revolusjonen. Kritikarane påpeikar at protoindustrien iallfall ikkje var ein nødvendig føresetnad for industrialisering, og at mange av dei mest utprega protoindustrielle områda slett ikkje vart industrialiserte i moderne forstand.

Utgreiingar om protoindustri omhandlar mykje av dei same fenomena som andre har kalla den industriøse revolusjonen, og som historieteori kan dei to omgrepa sjåast som konkurrerande.

Fire hovudtrekk ved protoindustrien

Basert på ei framstilling av den britiske historikaren L.A. Clarkson[2]) blir protoindustrialiseringa tillagd følgjande fire kjenneteikn og eigenskapar:

  1. Protoindustrielle produsentar (handverkarar) produserte varer for marknader utanfor sitt eige distrikt.
  2. Dei protoindustrielle produkta var laga av folk som kombinerte t.d. veving og strikking med jordbruk («peasant-manufacturers», dvs. småbrukarar, husmenn og liknande grupper). Arbeidskraft som søkjer sysselsetjing "onnemellom" er billeg. Produksjonsutstyret (den faste kapitalen) var etter måten enkelt og billeg.
  3. Protoindustrien på landsbygda stimulerte handelsjordbruket ved å skape ein marknad for matvarer.
  4. Byane i dei protoindustrielle distrikta var i hovudsak sentra for handel og omsetnad, ikkje produksjon.

Utbreiing

Mest omtala og grundigast undersøkt som protoindustri er truleg tekstilproduksjon på landsbygda i ymse delar av Storbritannia. L.A. Clarkson framhevar områda West Riding, the Cotswolds, East Anglia og Ulster [3] Det var utbreidd også innan andre former for handverksproduksjon i England. I West-Midlands rundt år 1700 er det utrekna at 1/3 av vaksne menn med kjende yrke var sysselsette med metallhandverk. Dei var ljåmakarar, låsesmedar, spikarsmedar o.l. I tillegg kom 27% som dreiv med andre slags handverk.[4]

Men protoindustri fanst i betydeleg utstrekning også i mange andre land, så som i Frankrike (særleg Maine, Picardie og Languedoc), Tyskland (Westfalen, Schlesien, Sachsen) og i Flandern og Twente i Nederlanda.[5]

I læreboka si om europeisk historie i tidleg nytid oppsummerer Erling Reksten:

«De aller fleste industrier ble etterhvert bygget inn i systemet: i alle slags tekstilindustri i alle land finner vi forleggeren, i metallvareindustrien i Nurnberg, i våpenfabrikasjonen i Milano, i jernindustrien i Sheffield og Birmingham, i silkeindustrien i Lyon, Antwerpen, Basel og Berlin.(...) Bondefamiliene i Normandie og Schlesien produserte varer som ble eksportert i mengder til Vestindia og Brasil. Det samme gjorde våpenprodusentene i våpensmiene i Liege-området, i Toledo, Nürnberg og Solingen. Boktrykkerne fulgte eksemplet og produserte bøker som forleggeren eksporterte til koloniene i Amerika sammen med tøyene, våpnene, jernvarene og hva det nå måtte være.»[6]

Protoindustri i Noreg

I ein oversynsartikkel om protoindustri i Noreg frå 1982[7] blir det halde fram at dette var eit lite utbreidd fenomen i Noreg. Økonomisk vekst på landsbygda her på 1600-, 1700- og det meste av 1800-talet var heller knytta til eksport av stapelvarer frå skogbruk og trelast, bergverk og fiskeri. Alle desse næringane kunne nytte ledig arbeidskraft frå gardar, småbruk og plassar i lågsesongane i jordbruket.

Men forfattarane av artikkelen (Edgar Hovland, Helge W. Nordvik og Stein Tveite) trekkjer også fram ein del døme på protoindustri her til lands:

  • Produksjon av utstyr til fiske og båtbruk: fiskegarn og liner, notbinding, bøkkararbeid, seglmakeri og reipslageri. Dei ytre kyststroka rundt Bergen og nordover til Sognefjorden utmerka seg her. Bergenske kjøpmenn forsynte produsentane (fiskarbøndene og plassfolka i lågsesongane for fiske og landbruk) med råstoff, bestemte kva produkt som skulle framstillast og i kva mengder, og sytte for omsetnaden av dei ferdige produkta. Båtbygging kan moglegvis også kome inn under omgrepet protoindustri. I Bjerkreim i Rogaland spesialiserte dei seg på å produsere uvershyrer til fiskarane.
  • Tekstilproduksjon (ulltøy) foregjekk i protoindustrielle former for eksempel på Jæren og i fjordstroka nord for Bergen. På Hedmarken var det både ull-, lin- og hampproduksjon. Overhalla i Namdalen var særleg kjent for lintilverking.

Hovland, Nordvik og Tveite er dessutan inne på at t.d. smelteverka kan sjåast som ei form for «protofabrikkar». Det same gjeld skipsverft og ein del andre typar verksemder. Spesielt kan nemnast brennevinsbrenninga på Hedmarken og andre stader etter at dette vart frigjeve i 1816. I 1840 skal så mykje som 1400 brenneri ha vore i verksemd i landet.

Eit døme på ein protofabrikk er tekstilverksemda Enigheden i Stor-Elvdal frå 1785.

Historikaren Anna Tranberg skildrar den økonomiske verksemda på storgarden Samsal i Ringsaker rundt 1800 på ein måte som fell saman med dei protoindustrielle trekka, utan at Tranberg sjølv brukar nemninga i den artikkelen. I andre arbeid tek Tranberg føre seg protoindustriell verksemd meir generelt på Hedmarken og på Toten. Forholda på Toten, som Eilert Sundt kalla «det mest industrielle Bygdelag i Landet»,[8] er omhandla mellom anna i wikiartiklane om Hans Skikkelstad, Treskjemakerne på Toten, Vevegrenda og andre stader.

Med utgangspunkt i dei ovannemnde arbeida, ei rad bygdebøker, årboksartiklar, eldre topografisk litteratur, dei trykte amtmannsberetningane og anna kan vi byrje på eit geografisk ordna oversyn over verksemd som med større eller mindre rett kan kallast protoindustri i Noreg. Eit uvurderleg «samtidsdokument» og utgangspunkt i denne samanhengen er Eilert Sundts bok frå 1867/68 Om Husfliden i Norge.

Østfold

Akershus og Oslo

Hedmark

Grue
Stor-Elvdal
  • Enighetsfabrikken i Stor-Elvdal var oppretta som spinne- og veveskole i 1785, og byrja snart ein variert tekstilproduksjon for sal. Verksemda vart nedlagt allereie i 1798, men fekk verknader for oppbygging av seinare industri, deriblant tekstilfirmaet Devold i Ålesund.

Oppland

Hadeland

  • Eilert Sundt skildrar eit nærmast klassisk døme på forlagsverksemd på Hadeland (truleg mest på Jevnaker). Distriktet hadde lenge vore kjent for heimeveving for sal, aller mest grovt og simpelt tøy som hadde avsetnad blant fattigfolk i Kristiania. Men akkurat på den tida Sundt gjorde sine undersøkjingar, skjedd noko som kunne forandre biletet. I 1863 hadde kjøpmann Gunerius Pettersen i Kristiania byrja engasjere veversker på Hadeland til produksjon av finare stoff. Han leverte ut farga garn, bestemte mønster og fastsette leveringsfristar og pris. Dette var vellykka, og tøyet hadde fekk avsetnad over store delar av landet, heilt opp til Finnmark. Etter få år - innan Sundt skreiv om dette - hadde Gunerius Pettersen 150 vevstolar i gang med geskjeften på Hadeland.[9]

Toten

Eilert Sundt kalla Toten «landets mest industrielle bygdelag». På handverks- og forlagsbasis vart det produsert mellom anna vevtøy, blikktøy, karder, ur, kniver, knappar og andre metallprodukt.

  • Blikkenslagerarbeidet var en spesialitet i Totens fogderi. På slutten av 1800-tallet og litt ut på 1900-tallet var det svært mange blikkenslagere i dette distriktet, som i dag utgjør Toten-kommunene og deler av Gjøvik kommune, nemlig Vardal og Biri. Det de produserte, var mindre ting til husholdningen og til melkestellet, slik som bøtter og spann, trakter og siler, auser og melkebonker, kaffekjeler og kasseroller. Over hundre forskjellige varer kunne de største verkstedene tilby. Les mer om blikkenslagerne...

Gjøvik

Buskerud

Øvre Eiker

  • Ekers Papirfabrik var en papirfabrikk som var i drift fra 1801 til 1879 på gården Hedenstad utenfor VestfossenØvre Eiker. I dagligtale ble fabrikken også kalt «Ekers Papirmølle». Initiativet til fabrikken skal ha blitt tatt av lekpredikanten Hans Nielsen Hauge. Virksomheten ved mølla ble etter hvert utvidet med mange nye foretak. I tillegg til den opprinnelige kornmølla kom det i gang beinmølle, vadmelsstampe og et brenneri, og det skal ha blitt gjort forsøk med et lite jernstøperi. Les mer...

Vestfold

Telemark

Tinn

  • Ljåsmiing var ei viktig kombinasjonsnæring for mange bønder i Tinn i ein hundreårsperiode ca 1850-1950. Ved sida av Hornindal i Nordfjord var Tinn det viktigaste senteret for ljåsmiing i Noreg. Tinn-smedane var nærast einerådande på marknaden over det meste av Sørlandt, Austlandet og store delar av Vestlandet. Les meir...

Aust-Agder

Vest-Agder

Rogaland

Gjesdal
  • Husflid og heimeindustri kjenneteikna Rogalands-bygda Gjesdal på 1800-talet. Eilert Sundt omtala bygda som særleg «vinskibelig» (flittig, tiltaksam), og han vigde eit eige kapittel til Gjesdal i boka si Om Husfliden i Norge frå 1867. I fyrste rekkje dreia det seg om ullspinning og marknadsretta vadmålsveving, men også handverksproduksjon for sal av ljåar, vognhjul og anna utstyr og reiskapar til jordbruket. Særlig utviklinga av ullvareproduksjonen er eit eksempel på heimeindustri eller «protoindustri» som utviklar seg i ubroten linje til moderne maskinbasert storindustri. Medan Gjesdal før 1870 var ei rein landbruks- og handverksbygd, var det i 1915 var det 11 til dels store industriverksemder der med ei industrisysselsetjing på 331 årsverk. Fremst blant desse verksemdene var ullvarefabrikken som Ole Nielsen bygde opp på Ålgård frå 1870 av (A/S Aalgaards Uldindustri frå 1874). Les meir...
Randaberg
  • Ca. 1855 starta Johan Peter Fugellie med produksjon av sydvestar på garden Leikvoll i Randaberg. Det var organisert dels som forlagsverksemd med 30 kvinner som sydde heime, og ein verkstad på garden. Verksemda kom i gang etter at mor til Fugellie, Christiane, flytta ut til sonen på Leikvoll etter at ho vart enkje i 1854. Ho hadde til da drive produksjon av sydvestar i Stavanger barneasyl, som ho var styrar for. I 1868 flytta produksjonen til nye lokale på Lervik i nåverande Stavanger kommune. De vart der til meir regulær fabrikkdrift, og produksjonen vart utvida til å omfatte oljeimpregner regntøy (bukser og jakker) i tillegg til sydvestane. Bedrifta vart nedlagt i 1898.

Hordaland

Sogn og Fjordane

Gaular

Møre og Romsdal

Sør-Trøndelag

Nord-Trøndelag

Nordland

Troms

Finnmark

Kjelder og litteratur

  • Alsvik, Jan: Gjesdal bygdebok 2. 1800-1870. Gjesdal kommune 1989.
  • Clarkson, L.A.: Protoindustrialization: The First Phase of Industrialisation? The Economic History Society/MacMillan Publishers Ltd., 1985.
  • Hovland, E., Nordvik, H. og Tveite, S.: «Proto-Industrialisation in Norway 1750-1850: Fact or Fiction?» i Scandinavian Economic History Review, nr. 1 1982.
  • Kriedte, Peter: Peasants, Landlords and Merchant Capitalists. Europe and the World Economy 1500-1800. Berg Publishers Ltd., 1983 (tysk originalutgåve 1980).
  • Mendels, Franklin: «Proto-industrializatinon: The First Phase of the Industrialization Process», i Journal of Economic History XXXII, 1972.
  • Nordås, Hallvard: Gjesdal bygdebok 3. 1870-1989. Gjesdal kommune 1989.
  • Reksten, Erling: Europas historie 1500-1815. Eget forlag, Asker 1993.
  • Sundt, Eilert: Om Husfliden i Norge. Til Arbeidets Ære og Arbeidssomhedens Pris. 1867. Digital versjonNettbiblioteket, Ny utgave ved Gyldendal forlag, Oslo 1975 (bd. 8 av Eilert Sundt. Verker i utvalg.)
  • Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 2. Perioden 1660-1865 - vekst innafor faste rammer. Gaular sogenemnd, 19992.
  • Tranberg, Anna: «"Ledighed taales ikke". Plassfamilien på gardsarbeid» i Historisk tidsskrift 4/1990.
  • Tranberg, Anna: Korn og klasseskille 1660-1840. Ringsakboka, bd. III. Ringsaker 1993.
  • Tranberg, Anna: «Tekstilproduksjon på Hedmarken i et økonomisk perspektiv», i Hutchison, Ragnhild (red.) Lokale tråder - tråkling gjennom tekstil- og lokalhistorie. Norsk lokalhistorisk institutt, Oslo 2006.
  • Tranberg, Anna: «Husindustri i totenbygdene på 1700- og 1800-tallet» i Heimen 3/2007.

Referansar

  1. Journal of Economic History XXXII (1972)
  2. Clarkson, L.A.1985;15-16
  3. Clarkson, L.A. 1985:15-16
  4. Kriedte, P. 1983:135
  5. Clarkson, L.A. 1985;15-16:
  6. Reksten, E. 1993:49.
  7. Hovland, E., Nordvik, H. og Tveite, S. 1982.
  8. Sundt, E. 1867-68 s. 153.
  9. Sundt, E. 1867:127.