Henrik Olaus Aardalsbakke

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Olaus Aardalsbakke
Foto: Norske skolefolk (1952)

Henrik Olaus Aardalsbakke (fødd 18. oktober 1879 i Jølster, død 2. desember 1956) var lærar og lokalpolitikar for Venstre i Davik kommune. Fornamnet har òg vore skrive Hendrik.

Han var son av bonde Jakob Aardalsbakke og Danhilde Jensdotter. Henrik Olaus Aardalsbakke gjekk mellomskulen og tok eksamen ved Hambros skole i Bergen i 1900. Etterpå byrja han på Volda lærarskule, der han vart uteksaminert i 1903.

Aardalsbakke vart som nyutdanna tilsett som lærar i Davik i 1903. Han hadde fyrst krinsane Endal, Lefdal og Haus, men etter krinsregileringa i 1918 arbeidde han i krinsane Davik og Endal.

Han sat i soknerådet og heradsstyret og var formann i Davik venstrelag. Aardalsbakke var dessutan bankrevisor.

Aardalsbakke vart i 1908 gift med Oline Endal, men ho døydde i 1920, berre 37 år gammal. Han gifte seg opp att i 1925 med sjukesyster Anna Endal (1887-1946), dotter av Arne Ø. Endal og Maria f. Rønnekleiv. Aardalsbakke fekk tre søner og tre døtrer. Han og dei to konene er gravlagde på Davik kyrkjegard.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker