Jølster kommune
Jølster | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1431 |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommunesenter | Skei |
Areal i km²(2020) | 670,87 km² |
Folketal 2020 | 3 043 (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Opphørte | 2020 |
No del av | Sunnfjord kommune |
Målform | Nynorsk |
Soleienatt. Biletet er måla i fleire versjonar og har motiv frå Jølster. |
Jølster kommune var ein kommune i Indre Sunnfjord i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen grensa i nord til Gloppen og Stryn, i aust til Luster og Balestrand, i sør og i vest til Førde, og i nordvest til Naustdal. I samband med Kommunereforma 2014-2018 vedtok kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular i 2016 å slå seg saman til Sunnfjord kommune, med verknad frå 1. januar 2020.
Ein person som kjem frå Jølster, vert kalla jølstring.
Tettstader
Det er to tettstader i Jølster; Vassenden og Skei. Vassenden er i nyare tid den største av dei to, noko som truleg kjem av nærleiken til byen Førde. Skei er kommunesenteret, men ligg lengre unna større senter og har eit mindre tilfang av innflyttarar.
Det høgste fjellet i Jølster heiter Snønipa og er 1 827 meter høgt. Mykje av låglandet og dei fleste grendene i kommunen kretsar i stor grad rundt det store Jølstravatnet, som ligg omlag 200 moh. Namnet Jølster stammar frå det norrøne uttrykket jǫlmstr som tyder bråk og larm.
Geografiske og politiske skiljeliner
Sidan tettstaden Vassenden ligg i den nedre (vestlege) delen av bygda og Skei ligg i den indre (austlege) delen, snakkar ein ofte om Indrebygda (soknar til Skei) og Nedrebygda (soknar til Vassenden). Denne skiljelina er heilt grunnleggjande, ettersom ein allereie i seksårsalderen vert gruppert til ein av dei to barne- og ungdomsskulane i kommunen — anten på Skei eller på Vassenden.
Denne skiljelina er òg ei tradisjonell politisk konfliktline som mellom anna har ført til at ein tidlegare berre hadde to bygdelister ved kommunevalet, ei for kvart kyrkjesokn. Desse listene er ikkje lenger i bruk, men dei førte mellom anna til ein tradisjon i dei største partia i kommunen om å sørge for god representasjon av personar med postnummer frå begge hovudbygdene (Skei og Vassenden).
Ein kan sjå at målet i Indrebygda ber preg av å vere påverka av nordfjordsmål, medan målet i Nedrebygda er påverka frå Førde-regionen. (Sjå «Jølstramål»)
Eit anna geografisk uttrykk som ofte vert nytta er Sørsida, som er eit namn på grendene på den sørlege sida av Jølstravatnet. Riksvegen går på den nordlege sida av vatnet.
Næringsliv
Jordbruket i Jølster har lange og gamle tradisjonar, men turismen har òg eit historisk fotfeste i området. Dei to hotella på Skei og Vassenden dukka opp rundt 1900, men lenge før den tid har ein drive skysstasjonar og breføring for spenningssøkande turistar som skulle utforske den norske fjellheimen eller ta seg opp på breen. Tradisjonane held seg, og eit klart fleirtal av føretaka i kommunen driv i dag med turisme, men då hovudsakleg overnatting og camping.
Grender i Jølster
Kjende jølstringar
Kunst og kultur
- Nikolai Astrup (1880–1928) vart fødd i Bremanger, men vaks opp i Jølster der faren var prest. Nikolai Astrup er rekna som ein av dei største norske kunstnarane frå tidleg 1900-tal, og fleire av bileta hans er selde på auksjonar for kring 4 millionar kroner.
- Ludvik Eikaas (f. 1920) vart fødd på Eikås i Jølster. Han vert rekna som ein svært sentral kunstnar i siste halvdelen av 1900-talet grunna arbeidet hans med måling, skulpturar og særleg grafikk. Vart professor på Kunstakademiet i Oslo i 1970. Fekk eit eige kunstmuseum, Eikaasgalleriet oppkalla etter seg då han gav ei stor samling kunst til kommunen.
- Audhild Viken (1915–2000) kjem frå Skei i Jølster. Ho tufta bedrifta Audhild Vikens Vevstove, som spesialiserer seg på sal av tradisjonelt norsk handverk og suvenir.
- Sigmund Eikaas (f. 1947), prisvinnande hardingfele-spelemann frå Jølster. Tidlegare leiar i Landslaget for spelemenn.
- Linda Øvrebø (f. 1966), operasongarinne frå Jølster kommune.
- Oddleiv Apneseth (f. 1955), prisvinnande fotograf, tilsett i Bergens Tidende.
Politikarar
- Atle Hamar (f. 1963) frå Vassenden i Jølster er direktør i Lotteritilsynet og Venstrepolitikar. Han er tidlegare leiar i Unge Venstre (1988–1990). Han er òg medlem i Jølster kommunestyre og fylkestinget i Sogn og Fjordane.
- Ottar Befring, fylkesmann i Møre og Romsdal, er frå Stardalen i Jølster.
Historiske skikkelsar
- Audun Hugleikson (f. kring 1240), baron og stormann i kongeriket Noreg på 1200-talet. Kom frå Jølster, der Audun Hugleiksonspelet går annankvart år med skodespelarar som t.d. Bjørn Sundquist.
Ordførarar
Ordførarar i Jølster | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
1838–1842 Thor Hanson Veiteberg |
1842–1844 Samuel N. Dvergsdal |
1844–1848 Anders E.J. Aalhus |
1848–1856 M.S.T. Fasting |
1856–1858 Samuel N. Dvergsdal |
1858–1861 Anders E.J. Aalhus | ||
1862–1864 Ludv. G. Klakegg |
1864–1872 Nils O. Øvrebø |
1872–1874 Anders K. Myklebust |
1874–1876 Anton K. Øygard |
1876–1878 Bendikt J. Nedrebø |
1878–1880 Anders K. Myklebust | ||
1880–1890 Sjur B. Heggheim |
1890–1892 Ole O. Viken |
1892–1899 Nils S. Dvergsdal |
1899–1911 Sjur B. Heggheim |
1911–1920 T.H. Veiteberg |
1920–1929 Ludv. D. Klakegg | ||
1929–1937 Nils O. Øvrebø |
1937–1942 A.K. Øygard |
1945–1951 A.K. Øygard |
1952–1965 Nils J. Helgheim |
1966–1973 Erling Slåtten |
1974–1981 Sverre P. Befring | ||
1982–1985 Anders Helgheim |
1986–1987 Arne Sandnes |
1988–1991 Normann Aarseth |
1992–1995 Knut O. Øygard |
1996– Gerd Dvergsdal |
Bakgrunnsstoff
Litteratur
- Finn Borgen Førsund - JØLSTER. Hundre år med bygd og bank. ISBN 82-91722-18-8 -- Selja Forlag
Les òg
- Fylkesleksikonet: Jølster (NRK)
- Kommunefakta: Jølster (SSB)
- Alle nettstadane frå Jølster (Open Directory Project)
- Jølster kommune (Offisiell nettstad)
- Dagogtid.no: Dersom Gaza låg i Jølster (Kommentar)
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Jølster» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon. |