Hermann Dahl
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hermann Dahl (født 17. mars 1858 i Vik, død 24. mai 1924 i Hølen) var fotograf.
Han var son av utskiftingsformann Jens Ferdinand Dahl. (1833–1893) og Ingeborg Wallem Wallace (1835–1899), og blei gift med Hanna Johannesen (1867-1929).
Dahl hadde først atelier i Bergen, og utvida seinare til filial i Dale og Ytre Arna dit han flytta omkring 1895. I folketeljinga 1891 for Bergen oppgir han å vere «Fotograf for eiga rekning». I 1916 opphørte forretninga, og han flyttet til Hølen, derr han seinare døydde.
Ein del av hans glasplater frå Bergen i 1890-åra eigast no av Billedsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Hermann Dahl på Digitalt museum.
- Hermann Dahl på KulturNav.
- Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Upublisert materiale i Preus museum (2013).
- Herman Dahl i folketeljinga 1900 for Haus herred frå Digitalarkivet (fråverande).
- Hermann Dahl i folketeljinga 1900 for Bruvik herred frå Digitalarkivet (mellombels til stades).
Eksterne lenkjer
Hermann Dahl er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |
|