Hermann Haugen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hermann Haugen.

Hermann Haugen (fødd 13. mai 1930, død 16. mars 2019) var kontorsjef og rådmann i Sykkylven kommune. Han var øvste administrative leiar i kommunen i heile 30 år.

Hermann Haugen vart fødd i Bodø i 1930, men familien flytte til Ellingsøya der han voks opp. Det var også på Ellingsøya han møtte henne som skulle bli kona hans, Helene. Dei gifte seg i 1953. Saman fekk dei borna Inge, Hildegunn og Marianne.

Skriftleg saksutgreiing

Han pensa tidleg inn på eit yrkesliv i kommunesektoren. Han byrja som skrankekasserar i Borgund kommune. Etter nokre år reiste han med familien til Asker, slik at han kunne gå kommunallinja ved kommunal- og sosialskulen i Oslo.

I 1962 fekk han stillinga som formannskapssekretær i Bolsøy kommune. Då Bolsøy gjekk inn i Molde kommune i 1964, fekk han same stillinga der. Etter ein kort periode som økonomirådgjevar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, vart han kontorsjef i Sykkylven kommune i 1966. Denne stillinga vart gjort om til rådmannsstilling i 1982.

Hermann Haugen opplevde ei stor utvikling i kommuneorganisasjonen dei åra han var leiar for administrasjonen i Sykkylven kommune. Då han byrja i kommunen, var det ikkje vanleg med skriftlege saksutgreiingar. Det var ordføraren og kontorsjefen som munnleg gjekk gjennom sakene på møta der vedtaka skulle gjerast. Dette var noko av det første Haugen tok tak i. Han byrja å lage skriftlege saksutgreiingar slik at politikarane skulle få eit best mogeleg grunnlag for å gjere vedtak.

Kommunal informasjon

I Haugen sine år som kontorsjef og rådmann gjekk kommunen inn i ei meir aktiv samfunnsutviklarrolle. Tidlegare måtte dei som skulle byggje hus sjølv ordne med tomt, vatn og kloakk. Etter 1966 kjøpte kommunen areal og opparbeidde tomter for vidaresal. Kommunen tok over det private vassverket og bygde nytt vassverk. Det vart bygd ny sjukeheim, aldersheim, trygdebustader og helse- og sosialsenter.

Haugen fekk også oppleve at det lokalpolitiske arbeidet vart opna for ålmenta i større grad enn tidlegare. Med den nye kommunelova i 1992 vart formannskapsmøta, og andre politiske møte, tilgjengelege for publikum. Dette meinte Haugen var ei riktig utvikling. Han var oppteken av at informasjon om den kommunale verksemda skulle kome ut til innbyggarane. Difor tok han også initiativ til utgjeving av kommunale informasjonsaviser.

Pensjonistleiar

Hermann Haugen hadde mange interesser utanom arbeidet. Han likte seg godt i hagen heime i Fauskebygda. Han stelte fint med blomane, og nytta ofte blomar for å glede andre. Han var i mange år medlem i Rotary, og etter at han vart pensjonist var det Sykkylven pensjonistlag som fekk gleda av arbeidskapasiteten hans. Her tok han på seg leiaroppgåva.

Hermann Haugen somna inn på Ålesund sjukehus 16. mars 2019 etter eit kort sjukeleie.

Kjelde

  • Minneord Sykkylvsbladet ved Eldar Høidal 3.4.2019.