IMG

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

IMG (Internasjonal Møbel Gruppe) er ein møbelprodusent med hovudkontor i Sykkylven. Bedrifta vart etablert i 2006 av Nils Gunnar Hjellegjerde, tidlegare administrerande direktør i Hjellegjerde Møbler AS. IMG gjekk i slutten av 2014 inn som ein del av Ekornes-konsernet.

IMG hadde frå etableringa produksjon i det fjerne Austen. Varespekteret var i første rekkje kvilestolar i ulike variantar. I 2015 hadde IMG to fabrikkar i Vietnam med til saman 520 tilsette og ein fabrikk i Thailand med 280 tilsette. Omsetninga i konsernet var i 2015 om lag 420 millionar kroner. Hovudkontoret, med administrasjons-, marknads- og produktutviklingsavdeling, er i Sykkylven og hadde i 2015 12 tilsette. Leiar ved kontoret er Lars Inge Jakobsen og marknadssjef Renate Karlsen.

I desember 2013 gjekk bedrifta inn ein intensjonsavtale med møbelverksemda Ekornes som innebar at IMG skulle bli eit eige forretningsområde i Ekornes. Nils Gunnar Hjellegjerde uttala til media at ein viktig grunn til at avtalen vart inngått var at IMG trong ein profesjonell eigar som Ekornes for å utvikle bedrifta vidare. Ein del av avtalen var at Nils Gunnar Hjellegjerde skulle halde fram som leiar i IMG i tre år.

Utviklinga til IMG har vore positiv dei siste åra, og IMG bidrog sterkt til eit godt driftsresultat for Ekornes i 2015.

Kjelde

  • Sykkylvsbladet 18.12.2013
  • Informasjon frå bedrifta til Eldar Høidal i januar 2016.