Hjelp:Vedlikehald

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vedlikehald er naudsynt på alle nettstader, og ikkje minst på ein wiki der det er mange bidragsytarar. Dette arbeidet må gjerast av dei som til einkvar tid er aktive på wikien – sjølv om NLI søkjer å ha nokre faste medarbeidere som gjer slikt arbeid trengst det òg hjelp frå andre.

Spør ikkje kva wikien kan gjere for deg, men kva du kan gjere for wikien!
– Fritt etter ein amerikansk president

Kva kan eg gjere?

Mange bidragsytarar trur at ein må vere administrator for å kunne drive vedlikehald. Men slik er det ikkje. Kven som helst kan bidra til dette arbeidet – dei som blir administratorer blir utvald fordi dei har vist at dei ynskjer å bidra med praktisk arbeid. Det er nokre ting som krev at ein er administrator, som sletting, skriving i Mediawiki-namnerommet og blokkering av brukarar. Men vedlikehaldsarbeidet gjerast for det meste utan at ein bruker dei særskilde administratorrettane.

Wikifisering

«Wikifisering» er det å forme ein artikkel slik at han følgjer reglane for ein wiki, med bruk av lenkjer, kategoriar, utheving og anna.

For å lære korleis du kan bidra med dette, sjå til dømes:

Merking av bilete

Bilete må ha merking med lisens – her gjeld ikkje dei vanlege reglane for lisenser på wikien.

Finn du eit bilete uten lisens kan du gjere dette:

  • Om du kan sjå kva for lisens som skal brukast, legg han til. Du må vere heilt sikker.
  • Om du ikkje kan sjå kva for lisens biletet skal ha, legg til {{ulisensiert}}, og skriv ei melding på diskusjonssida til den som lasta opp biletet. Du finn lenkje dit i historikken under biletet.

Bilete bør òg liggje i kategoriar, så andre kan finne dei. Dette gjer du på same måte som i artiklar, sjå Hjelp:Kategorisering (trinn 1).