Holte (Tinn gnr 57/4)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Holte | |
---|---|
Stad: | Gausetbygde |
Sokn: | Atrå |
Fylke: | Telemark |
Kommune: | Tinn |
Gnr.: | 57 |
Bnr: | 4 |
Holte er eit gardsbruk i Gausetbygde i Tinn. Det har opphav som husmannsplass, truleg som to plassar under Flåta og Skårberg.
Første gongen det nemnast ein husmannsplass under Flåta er i 1730, men ein veit ikkje om dette var Holte. I et skifte frå 1787 vert Holte under Nørstegaard nemnd, og dette kan vere Holte under Skårberg. I åra som følgjer vert både Holte under Flåta og Holte under Skårberg nemnd.
I folketeljinga 1801 er det ein husmannsplass under Flåta, og det må vere Holte. Ein kan følgje husmenn på plassen vidare gjennom 1800-talet, inntil 1892 då numedølen Halvor Toresson fekk skøyte på plassen.
Husmenn / brukarar
- Hellek Andersson (f. omkr. 1725), husmann under Flåta i 1801.
- gift med Liv Greggardsdotter (f. omkr. 1741). Born ein kjenner:
- Gro Helleksdotter (f. omkr. 1771), gift med Truls Jonsson Mårheim.
- Gunhild Helleksdotter (f. omkr. 1783).
- Halvor Olson, festbrev frå Skårberg 1802.
- gift med Aslaug Torkjellsdotter. Born ein kjenner:
- Margit Halvorsdotter, gift 1816 med Gunnulv Larsson Øye.
- Øystein Halvorsson Holte.
- Kjetil Høljesson Skrindebakke (d. 1852), festebrev frå Skårberg 1821.
- gift med Tore Torjusdotter/Tovsdotter. Til Rauland. Born ein kjenner:
- Jon Torbjørnsson, frå Bergelie. På Holte etter 1852. Born ein kjenner:
- Lisbet Jonsdotter, gift 1863 med Torgeir Knutsson Åsen.
- Jon Sveinsson (f. omkr. 1793), husmann på Holte under Flåta etter 1852. På Holte ved folketeljinga 1865.
- gift med Ågot Jonsdotter (f. omkr. 1802). Born ein kjenner:
- Gunhild Jonsdotter (f. omkr. 1840).
- Halvor Toresson (f. 1844), fekk skøyte i 1892. Frå Numedal, kom over saman med Anstein Åsen.
- gift med Aslaug Olsdotter Velta (f. 1851) frå Høgelid. Born ein kjenner:
- Astrid Halvorsdotter (1872-1952), gift med Alv Jonsson Plassen. Emigrerte til USA.
- Ola Halvorsson (1874-1955), gift med Astrid Tollevsdotter Bakken frå Numedal.
- Tore Halvorsson (1874.1955), gift med Johanne Valhøiden frå Østfold.
- Tov Halvorsson (1875-1970). Neste brukar.
- Aslaug Halvorsdotter (1879-1913).
- Anne Halvorsdotter (1881–1905).
- Halvor Halvorsson (1884-1967), gift med Gro Sveinsdotter Velta.
- Gjertrud Halvorsdotter (1886-1916), gift med Torstein Gulliksson Strenge frå Sandsvær.
- Birgit Halvorsdotter (1889-1978), gift med Rolf Bratlie Christensen frå Notodden.
- Svein Halvorsson (1891-1976), gift med Kari Larsdotter Kultan frå Bø.
- Tov Halvorsson, kjøpte Holte i 1914.
- gift med Lisbeth Persdotter Midtgarden. (1880-1950). Born ein kjenner:
- Aslaug Tovsdotter (f. 1905).
- Margit Tovsdotter (f. 1907).
- Halvor Tovsson (f. 1910).
Kjelder
- Einung, Halvor H.: Tinn soga. B. 1. Rjukan. 1926. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Flaaten i folketeljinga 1801 for Tinn prestegjeld frå Digitalarkivet (Garden med husmannsplassen Holte).
- Holte i folketeljinga 1865 for Tinn prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Holte i folketeljinga 1900 for Tinn herred frå Digitalarkivet.
- Holte i folketeljinga 1910 for Tinn herred frå Digitalarkivet.